Utdanning av utrykkingsleiere i Sogn og Fjordane

HomeDiverse

Utdanning av utrykkingsleiere i Sogn og Fjordane

Våren 2014 hadde Sogn og Fjordane brannbefalslag oppe sak om utdanning av utrykkingsleiarar i deltidsbrannvesen. Konklusjonen her vart at det vart sett ned  ei gruppe som skulle jobbe med dette studie.

Det vart sendt ut spørsmål til alle brannvesena  i Sogn og Fjordane om kva behov dei hadde for denne utdanningen. Svara som vi fekk, var at det var ca. 65 utrykkingsleiare som hadde behov for denne utdanningen. Då var det tatt kontakt med Norges Brannskole om løyve til å arrangere beredskapsutdanning trinn 1 (BER1) for deltidsbrannmannskapa. Det fekk vi klarsignal til, men dei måtte få ein ferdig utarbeid plan for gjennomføring både med  teori og praksisplass som støtta krava til Norges Brannskule. Planane vart lagt og godkjend av NBSK. Oppstart var 25. januar i 2015  med 19 deltakarar.

5 samlingar

Vårt opplegg var at vi la teoridelen til  Skei Hotell, som ligg sentralt i Sogn og Fjordane,  med 5 samlingar a 2 dagar pluss ei samling til evaluering og eksamen. Samlingane starta tysdag klokka 08,30 med lunsj klokka 12 og undervisning fram til klokka 19. Deretter felles middag klokka 20 med sosialt samvær etterpå for at deltakarane, som kom frå heile Sogn og Fjordane, fekk knytta god kontakt. Neste dag var oppstart klokka 8 med førelesning fram til klokka 16 og heimreise. Vi hadde ei samling kvar månad.

I planen skal det være ei praksisveke på 48 timar. Den køyrde vi ved Florø Brannvesen sit øvinga anlegg som er godkjent av Norges Brannskole.
Det viste seg at dette tilbodet vart så vellykka at vi valte å starte opp eit nytt BER1-kurs i 2016. Men her gjorde vi nokre små justeringar. Vi køyrde  eit grunnkurs for deltidsbrannmenn parallelt med BER1-kurset. Grunnkurset køyrde vi samlingar på dagtid frå klokka 8 til 16 med 2 samlingar kvar månad.

Praksisveke med grunnkurs og BER1-kurs

Men no arrangerte vi to praksisveker der halvparten av deltakarane kom frå BER1 og halvparten frå grunnkurs. For dette fekk vi veldig positive tilbakemeldingar for no fekk lederane lede og deltakarane frå grunnkurs fekk øving i godt brannmanns arbeid. Her var deltakelsen både på BER1 og grunnkurs 20 deltakarar. Vi har no arrangert 2 Ber 1-kurs og 6 grunnkurs på dagtid. Det viser seg at det var behov for endå eit BER1-kurs i 2017 så vi starta opp eit nytt Ber1-kurs og eit grunnkurs den 10. januar 2017 på Thon Skei Hotell. Her hadde vi første samling felles for BER 1 og grunnkurs då det er mange felles emnar for BER 1 og grunnkurs . Her var vi så heldige at vi fekk fylkesordførar Jenny Følling til å stå for den offisielle opninga av kursa.

 Vi fekk direktøren Roar Johansen til å førelese om Norges Brannskole, utdanning og DSB samt lover og forskrifter. På desse kursa har vi hatt ein som er kursleiar som har koordinert opplegget  og skaffa førelesarar med veldig godt resultat. På BER 1 har vi valt å prioritere med dyktige førelesarar på leiing sjølv om dei er dyre for emnet leiing er veldig viktig. I veke 19 og 22 skal vi arrangere praksisveker hjå Florø Brannvesen. Når desse kurs er ferdig 9. juni i år har Sogn og Fjordane Brannbefalslag utdanna 59 utrykkingsleiarar og  ca. 120 brannkonstablar.

 

COMMENTS