Dette er utdrag av en rapport som nødetatene på Voss har skrevet:
Voss Brann og Redning fekk alarm om brann i eit snøoverbygg ved Hallingskeid klokka 10.11 den 16. juni. Dei valde å kalla ut ekstra mannskap slik at vaktlaget var intakt på Voss. Det vart umiddelbart starta opplasting av brannbil og utstyr på ”flaket”, ein tom jernbanevogn, ved lokkstallen.
Politiet vert varsla klokka 10.17 og reiste med to mann til lokkstallen. AMK Bergen vert varsla 10.18.
Ole Erik Almenningen frå Jernbaneverket tok kontakt med brannsjef David Skjerven og ba han rekvirera helikopter for transport til Hallingskeid, dette betalar Jernbaneverket.
Dei som blei med i dette helikopteret var: David Skjerven frå Voss Brann og Redning, Ragnar Lie frå Jernbaneverket og Lars Løne, eigar av Voss Helikopter.
Oddvar Kvalnes frå Voss Brann og Redning tok kontakt med Voss Ambulanse, han ynskte at ambulansepersonell skulle vera med til Hallingskeid i beredskap for brannvesenet når dei skulle driva slukkingsarbeid på snøoverbygget som brant. Områdeleiar Øst tok kontakt med AMK Bergen, og avtalte at ho og ein lærling blei med oppover i beredskap for Voss Brann og Redning.
Voss sjukehus blei informert om hendinga.
Robel ikkje klar
Etterkvart fekk me telefon om at det skulle vera eit tog som var i nærheita av brannen, og like etter fekk me beskjed at det brann i toget, og dette skulle vera eit persontog. Føraren hadde starta evakuering av toga. Det var en ambulansearbeidar som kjem med denne opplysninga, han var med som passasjer på toget. Politiet fekk samtidig beskjed frå togledar at det var brann i toget som sto på Hallingskeid.
Me hadde kontakt med dei som var komt opp med helikopteret til Hallingskeid, dei hjalp til å evakuera resten av passasjerane som var i togsetta.
Samstundes som dei driv med evakuering vert det jobba mykje med logistikk for dei som var ved lokstallen på Voss. Voss Brann og Redning stilte med ni mann på fyrste utrykkinga, samla deltok Voss Brann og Redning med 14 personar. Helse fekk sendt ut prehospital alarm på Voss og stilte med seks ambulansearbeidare, mens politi stilte med to mann.
Alt var klart til å reisa, då kjem beskjeden om at robelen (loket) som er på Voss, ikkje kunne dra vassvogn og ”flaket”. Robelen, som pleier å vera her, var på service.
Me måtte venta på ein ekstra robel og dette kunne ta tid. Helse tømte lageret på Voss sjukehus for tepper og dynetrekk, som vert lasta på vogna, ekstra fyrstehjelpsutstyr vert og lasta med.
Evakuering igang
Politiet rekvirerte Seaking-helikopter for transport av mannskap opp til Hallingskeid.
Mobilnettet hadde no brutt ned, slik at me hadde ikkje kontakt med noko av dei som var på Hallingskeid.
AMK Bergen og ambulansearbeidaren på toget fekk konferansekopla basestasjonane slik at det blei etablert samband med brannsjef David Skjerven som var på Hallingskeid.
Melding me fekk var at det var to rullestolbrukarar blant passasjerane, og dei hadde problem med å få dei evakuert. Dei jobba med saken. Meir kontakt med dei som var på skadeplassen fekk me ikkje.
Klokka 11:12 blei skogbrannhelikopter frå Torp rekvirert.
Klokka 11:22 lagar Jernbaneverket til togsett på Myrdal, for å evakuera passasjerane på Hallingskeid som er flytta ned mot Rallarvegen.
Klokka 11.45 var Voss Helikopter klar til å begynna sløkking med helikopter og ”tobbo”. Ved fyrste hiv med vatn blei denne øydelagt, det tok ca. ein time å få denne fiksa.
Klokka 12:31 reiste redningsmannskapa til Bømoen med det mest nødvendige av utstyr, der skulle Seaking-helikopteret plukka opp dei opp.
Klokka 12:45 hadde Voss helikopter nettopp starta med sløkking igjen.
Ca. klokka 12:45 landa Seaking-helikopter på Hallingskeid med to frå Brann og Redning, to frå politiet, tre ambulansepersonell samt redningsmann og lege på helikopteret.
Redningsinnsatsen
Redningsinnsatsen når redningsmannskapa kom til Hallingskeid var:
• Tepper til passasjerar som var evakuert til eit nytt tog.
• En ambulansemann vart sendt med toget, og ein ambulansemann vart sendt med to passasjerar som satt i rullestol på robel.
• Gjennomsøkte hytter og område for fleire passasjerar.
• Prioritert sløkkingsarbeid var stasjonsbygningen på Hallingskeid.
• Det brann i eit hytte nær jernbanen, denne fekk to ”tobber” med vatn.
Me hadde dårleg samband på staden. GPRS-systemet var til tider nede det også.
Skadestedsledar på Hallingskeid meldte til politi på Voss at dei måtte samkøyrast med brann og helse før dei evakuerte kom til Voss stasjon.
Politi på Voss køyrde til Mjølfjell og gjekk på toget. Dei registrerte alle som var ombord på toget, før dei kom til Voss. Det gjekk av 20 -25 personar på Myrdal, desse blei ikkje registrert.
Jernbaneverket rekvirerte Fleichers hotell til dei evakuerte.
Voss Kommune sitt kommunale kriseteam vart varsla.
Det var etanitt på brannstaden, Voss Brann og Redning har bestilt bedriftshelsetjeneste til sine ansatte til etter sommarferien.
– Ikkje flaks kvar gong
Brannsjef David Skjerven frå Voss var en av de første på skadestedet. Han fikk erfare med egne øyge det scenarioet som han har advart mot. Denne gangen gikk det bra, men hadde hendelsen skjedd på vinterstid kunne utfallet blitt helt annerledes.
– Eg har stilt spørsmålet til Jernbaneverket fleire gonger om kva de tenker å gjera viss det skjer ein stor hending på vinteren. Det kan vera avsporing, ras eller brann som kan føre til at et stort antal mennesker ligger skadet midt oppe på Hardangervidda i streng kulde. Då er det ingen veg frem til området mellom Mjølfjell og Haugastøl. Så langt har eg ikkje fått nok svar.
– Jernbaneverket har ein beredskapsplan som ser flott ut, men vi ser at den ikkje fungerar i praksis. Vi er mellom anna lovt en lokførar innen en halv time til robelen som skal stå klar, men i dette tilfellet var robelen borte utan ein reserveløsning. Eg forstår faktisk ikkje at Jernbaneverket tør. Det er tross alt sikkerheten til et stort antall passasjerar. Eg har no bedt om nytt møte med Jernbaneverket for å ta opp situasjonen, sier Skjerven.
COMMENTS