Tankbilulukke i Volda

HomeCBRNE

Tankbilulukke i Volda

Volda brannvern, sentrum stasjon, består av 19 deltidstilsette og brannsjef samt brannmeister i heil stilling. Beredskapen består av heimevakt med vaktlag på fire personar pluss overbefalsvakt. I tillegg til hovudbrannstasjonen i sentrum, har vi fire bygdestasjonar med åtte mann uten fast beredskap på kvar stad.

Vi hadde før denne ulukka lita eller inga praktisk erfaring med handtering av ulukker med farlig gods, og har heller ikkje utstyr for dette. Volda kommune er medlemar i IUA Sunnmøre, som har sitt hovuddepot ved Ålesund brannstasjon. Ålesund brannstasjon ligg om lag 60 km frå Volda og for å kome til Bjørkedalen må dei reise over to fergestrekningar. Vi kan såleis ikkje rekne med å få assistanse frå dei før etter nokre timar.

 

 

Ulukka

Tankvogn frå Totaltransport på vei frå Bergen til Pronova Biocare i Ålesund med 16.000 liter konsentrert svovelsyre, velta i Sandvika på Bjørkeldalen, 28. april ca. kl. 19.40. I velten vart mannlokket på tank 4 slått av i sammenstøyt med eit tre. Tank 4 inneholdt 6.000 liter syre. Av dette rann anslagsvis 4500 liter ut i Bjørkedalsvatnet og ca. 1000 liter på mark og i grøft mellom vegen og vatnet. Føraren av tankvogna var uskada.
Overbefalsvakta, Malvin Kile, fekk telefonbeskjed om ulukka frå 110-sentralen. Han bestemmte då at sentrum stasjon skulle varslast omgåande, og at mannskapa skulle møte på stasjonen for nærare ordre. Alarmen vart utsendt kl. 20.00

Frå sentrum til Bjørkedalen er det lang utrykningstid. På grunn av fergetransport må det bereknast 30-45 minutter. Næraste bygdestasjon er Straumshamn, som ligg 10 minutt frå ulukkesstaden. Kile valte å avvente varsling av desse inntil dei var kontakta pr. telefon, for å forsikre seg om at mannskapa ikkje gjekk inn i området uten verneutstyr. Straumshamn vart varsla kl. 20.11. Desse fekk ordre om å sperre vegen 500 meter frå ulukkesstaden.

Meldinga frå sjåføren av bilen var klar. Det vart opplyst både mengde totalt, UN-nummer og sannsynlig utlekt mengde væske. IUA ved Ålesund brannstasjon vart varsla kl. 20.05 og kjørte ut frå stasjonen kl. 20.45. Både ambulanse og politi var med på utrykninga frå sentrum.
SFT og ordføraren i Volda vart også varsla.
Stoffet var Svovelsyre, konsentrasjon 94-96 % med UN nummer 1830 og Farenummer 80. Det har inga eksplosjonsfare eller brannfare, men stor helse- og miljøfare. Verneutstyr er gassverndrakt og friskluftsutstyr. Største fare er etsefare, kjemisk reaksjon. Første tiltak er å rømme faresone og  demme inn.

Første innsats

Mannskapa frå Straumshamn, 6 stk. , var framme på ulukkesstaden kl. 20.20. Dei utførte slik som ordra var, avsperring av vegen. Tilfeldigvis var brannformannen til Staumshamn var på andre sida av ulukkesstaden, mot Nordfjordeid. Han vart kontakta pr. mobiltelefon og fekk sperra av vegen frå den sida. Hovudstyrken frå sentrum kom til staden kl. 20.30.
110- sentralen hadde i løpet av den tida forsøkt å oppnå kontakt bed bebuarane i dei næraste bolighusa utan å lukkast. Det vart vurdert at dei måtte evakuerast.

Sjåføren på tankbilen oppheldt seg fortsatt ved bilen, sjølv om store mengder syre lakk ut. Det vart oppnådd telefonisk kontakt med han, med beskjed om å forlate området umiddelbart.
Etter kvart fekk vi også gitt melding til bebuarane i husa slik at dei vart evakuert frå området.
Det vart vidare bestemt å sende inn tre røykdykkarar med vanlig brannbekledning, for om mulig få oversikt over situasjonen. Det var på grunn av manglande verneutstyr presisert at dei ikkje skulle gå i nærleiken av sjølve syreutsleppet, og at innsatsen skulle vere kort.

Røykdykkarane kunne etter kort tid konstantere at der ikkje var synlige lekkasjer no, men at området bar klar preg av tidligare utslepp. Der var store dammar av svart syregraut på marka rundt bilen, noko som har si årsak i at syra vert svart når den reagerar med organisk matriale.
Vi ansåg då situasjonen for å vere stabil og at vi med vårt utstyr ikkje hadde muligheit til å utføre arbeid på staden. Røykdykkararne vart trekte ut av risikosona.

For å få klarlagt kva tiltak det ville vere fornuftig og best å iverksette, og for å begrense skadene, var vi heile tida i kontakt med ulike faginstansar. Dette var mellom anna SFT, Kystverket, DBE ved Erik Bleken, Borregaard, Fylkesmannens miljøvernavdeling. Vi vart også kontakta av fleire som ville gi råd og tips.

Bergingsarbeidet

:
Dag 1: IUA-eininga med to personar frå Ålesund brannvesen, ankom Bjørkedalen kl. 22.20.
To kjemikaliedykkarar frå Ålesund og ein røykdykkar frå Volda gjekk inn til tankvogna for å sjå nærare på skadane og vurdere kva som måtte gjerast. Det vart igjen konstantert at der ikkje var lekkasjer og at det første som måtte gjerast var å få pumpa ut resterande syre før bilen kunne rettast opp.
Transportør og forsikringsselkapet, If, arbeidde med å skaffe tankvogn som kunne ta over resterande syre frå den havarerte bilen.
Å få på staden ei slik tankvogn viste seg å vere ei vanskelig og tidkrevande oppgåve. Ut frå det, og at mørket gjorde arbeidet vanskelig, valte vi å avslutte arbeidet. Politiet sørga for vakthold på staden. Indre sperresone var då satt til 100 meter, ytre til 150 meter.
På veg tilbake til Volda, møtte vi tre bergingsbilar frå Straumen bil. Desse var rekvirert av transportør.

Dag 2:

Mannskap frå Volda og Ålesund ankom ulukkesstaden 07.45. Vi hadde med tankbil for å ha rikelig tilgong på vatn til sanering av kjemikaliedykkarane. Det var no kome til to ekstra kjemikaliedykkarar frå Ålesund, slik at det no var totalt fire mann til arbeidet. Vi fekk då beskjed om at tankbil som skulle overta lasta, ikkje ville kunne vere på staden før kl. 14.00.
I ventetida arbeidde kjemikaliedykkarane med klargjering for tapping av tankar, festing av slingsar til snuoperasjon og klargjering av bil for seinare vekktransport.

Det var stort forbruk av pressluft i samband med kjemikaliedykkinga. På brannstasjonen i Volda har vi ikkje muligheit for fylling av 300 bars flasker som Ålesund brukar. Vi gjorde difor avtale med Møre dykkerservice og Volda dykkerklubb for fylling av flasker. Desse stillte villig opp og det vart utført fleire fyllingar i løpet av dagane.
Kjemikaliedykking er hardt og slitsomt arbeid. Mannskapa frå Volda hadde heile tida oppgåver med assistering av desse, framskaffing av resursar, bevertning og sanering.

Tankbil til å ta over lasta, ankom kl. 13.25.

Arbeidet med tømming av tankane vart igongsett umiddelbart og kl. 16.31 var tømming av første tank i gong. Kl. 19.11 var ca. 7.000 liter syre tappa over og bilen klar til snuing.
Kl. 20.30 var bilen på rett kjøl. Snuinga vart utført uten problem. Under snuoperasjonen lak det ut om lag 50-100 liter syre. Etter snuinga vart resten av syra tappa over, noko som var ferdig kl. 22.07.
Til nøytralisering av utlekt syre, var det bestillt 13.000 kg kalkslurry frå Hustad marmor.
Til å spreie denne var det gjordt avtale med ein garbrukar som stilte med gjødsespreiar.
Kl. 00.00 vart halparten av dette spreidd utover. Etter reaksjonen å dømme hadde dette svært god effekt, noko som også er stadfesta i ettertid. Kl. 00.30 returnerte mannskapa til Volda for overnatting.

Dag 3:

Arbeid med sanering(spyling) av trekkvogn og tank.
Kl. 12.40 vart trekkvogn kobla frå tank, spylt og transportert bort av Straumen bil.
Arbeidet fortsatte vidare med sanering av tank.
På grunn av at tanken var isolert og at isolasjonen var gjennomtrekt med syre var planen å fjærne den del av isolasjonen som var gjennomtrekt. Det var heilt klart ei forutsetning for at tanken skulle kunne transporterast vekk.
Etter ei telefonsamtale med forsikringsselskapet vart det avgjordt at vi skulle  avslutte arbeidet no, då ein ansåg at den akutte foruriningfara var over. Ut frå dei signala som var gitt av forsikringsselskapet, oppfatta vi det slik at dei ikkje ynskte av vi skulle fortsette arbeidet.
Resterande saneringsarbeid måtte då utførast av spesialfirma rekvirert av transportør eller forsikringsselskap, før tanken kan transporterast bort.
Etter spyling av vegbana og spreiing av resterande kalkslurry, var aksjonen for vår del avslutta kl. 16.30.

Media:

Dette var ein aksjon som det var stor interesse for i heile landet. Det vart etter kvart stor pågang av pressefolk både frå ulike fjernsynskanalar, radio og aviser.
Sjølv om dei nok på ulike måtar prøvde å få beste oppslaget, meiner vi  at dei stort sett respekterte det arbeidet vi gjorde og sperrelinjene som var sett opp.
Det er imidlertid på det reine at dei tok mykje av tida vår og at oppslaga i avisene ikkje alltid reflekterte vår oppfattning av aksjonen.

Oppsumering:

 Dette var ein aksjon som tross den farliga lasta fekk eit godt utfall. Det som imidlertid er hovedårsaka til det, er staden det skjedde på. Hadde det vore i tettbygd strøk kunne utfallet vore mykje meir alvorlig.
Fylkesmannen si miljøvernavdeling har både under og etter ulukka teke målingar i Bjørkedalsvatnet og elva. Så langt ser det ut til at der ikkje er nemneverdige miljøskadar.
Etter pålegg frå Kystverket har tranportøren leigt inn konsulenthjelp for å kartlegge miljøskadane i området der syra lak ut. Dette er no utført og arbeidet med renovering vert straks sett i gong.
Der er utarbeidd rapportar om ulukka frå ulike hold. Alle konkluderer med at den akutte forureininga vart handtert på ein rett og svært tilfredsstillande måte.

At resultatet vart så godt må godskrivast godt arbeid og samarbeid mellom eigne mannskap, mannskapa frå IUA(Ålesund), politi og bergingsfirma Straumen bil.
Det er også uten tvil at mannskapa frå Ålesund brannvesen, med Leif Roger Hjellvik i spissen, utførte ein svært god og profesjonell jobb, med ei belastning langt ut over det ein kan forvente.
Ambulansepersonell var på staden under heile operasjonen. Det var betryggande å ha ein slik beredskap i bakhand og må vere rutine i slike oppdrag.

Erfaringar:

Ved evt. seinare liknande aksjonar bør det opprettast aksjonssentral av Volda brannvern eller IUA. Det var mange ting som skulle koordinerast på staden, noko som ikkje altid var like lett
å få til pr. mobiltelefon frå Bjørkedalen.
Det viste seg å vere få konkrete råd å få frå faginstansane SFT/Kystverket. Vi vart frå dei henvist til Borregaard for å få utfyllande oplysningar om stoffet.

Alt i alt viste det seg at vi måtte ordne det meste sjølv på staden ut frå eigne vurderingar.
Til tross for lite kunskap og erfaringar om farlig gods ulukker gjorde eigne mannskap og befal dei rette vurderingane. Dette er truleg på grunn av at vi gjennom fleire år har sendt mannskap og befal på kurs.
Vi må bli flinkare til å loggføre arbeidet vårt. Det må utarbeidast plan for korleis dette skal gjerast og ein del enkle hjelpemiddel må vere tilgjengelige.

12.02.2003
Volda kommune brannvernavdelinga

 

Publisert: 03-05-2003

COMMENTS