Ole Ringdal A/S er ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen, som driv med slakteri og produksjon av kjøttvarer (ferskvare og spekemat). Fabrikken er oppført i ein etasje, i 11-12 byggetrinn, og har etter kvart fått ei grunnflate på ca. 7000 m2. Fabrikken har ikkje brannalarm- eller sprinkleranlegg.
Hellesylt ligg ca. 3 mil fra kommunesenteret Stranda, og har eigen brannstasjon med ti brannmannskap. Brannvernet i kommunen består av deltidsmannskap.
Problem med utalarmering
Ved utalarmering av mannskap ved Hellesylt brannstasjon gikk ikkje alarmsignalet ut på personsøkarane og alarmoperatør starta da med utalarmering via privattelefonar til mannskapet. Det var allereie da mange av mannskapet i brannvernet som hadde sett at det var røykutvikling ved bedrifta. Brannen førte til kortslutning i trafoar ved Ole Ringdal A/S og at el-krafta på heile Hellesylt vart kopla ut.
Innsatsen
Førsteutrykkning var fra Hellesylt brannstasjon kl. 19.37. Alt mannskap ved Hellesylt brannstasjon deltok i slokkearbeidet. Kl. 19.40 vart det sendt full alarm til mannskapet ved Stranda brannstasjon. Befal var framme ved brannstaden kl.20.04. Taket var da gjennombrent og kraftig røykutvikling gjorde at mannskapet ved Hellesylt brannstasjon ikkje kunne ta seg inn i bedrifta, for mannskap fra Stranda brannstasjon med røykvernutstyr kom til.
Mannskapet ved Hellesylt brannstasjon hadde gjort klart eitt normalutlegg til angrepsveg og eitt opp på taket. Hovedbil med ti mann fra Stranda var framme kl. 20.12.
Det vart sett i verk røykdykking kl. 20.16, samtidig som det vart rekvirert tre røykdykkarar fra Ålesund brannvesen. Desse kom med helikopter og var framme kl. 20.43.
Det blei etterkvart tomt for røykdykkerflasker og det vart rekvirert ekstra flasker fra brannstasjonen på Stranda.
Det vart utfort røykdykking fra to sider av bygget, da det viste seg at brannen var «midt i bygget. Mannskap utførte slokking på tak, samtidig som det vart brukt motorsager for å skjære opp delar av taket. Takkonstruksjonen der brannen hadde sitt sentrum var oppbygt av laminerte dragarar av tre. Desse var ca. 80 cm høge, og taket var bygd av korrugerte stålplater og trekledning med asfaltpapp. Innertaket i fabrikklokala var oppbygd av eternitplater som var festa i trekonstruksjon og isolert med mineralull. Denne konstruksjonen førte til at det var eit holrom mellom innertak og yttertak som ikkje var tilgjengeleg.
Det vart brukt to slokkespyd med godt resultat, men for å få ventilert ut røyk, vart det skore hol i taket.
Røykdykkarane hadde dårleg sikt og det var også fare for at takkonstruksjonar av stål kunne rase ned. Det viser seg i ettertid at dei laminerte tredragarane beheldt sin bæreevne, mens stålkonstruksjonane braut saman etter kort tid.
Bedrifta hadde fryseanlegg, utan ammoniakk som kjølemedie, og ein sag ikkje dette som nokon risiko.
El-anlegget hadde kortslutta så ein måtte rekvirere straumaggregat fra Røde Kors og El-verket. På hovudbil fra Stranda brannvern hadde vi generator på 6 kw, men dette heldt kun til belysning inne og på taket på bedrifta. Det vart etterkvart behov for aggregat til a drive vifter for å ventilere bygget.
Bedrifta hadde sjølv vifter som vi brukte til røykventilasjon, for RVR-bil fra Ålesund var på staden. Kl. 22.30 var brannen under kontroll og slokkt. Mannskap fra brannvernet var på brannstaden heile natta, og ca. kl. 02.30 var det på nytt røykutvikling fra dei laminerte dragaran i konstruksjonen.
Som oppsummering må ein vel seie at slokkearbeidet gjekk bra, til tross store røyk- og sotskadene. På det meste hadde Stranda brannvern 26 mannskap pluss tre mannskap fra Ålesund brannvesen i aksjon denne kvelden. Man gjorde ein stor innsats, som det står respekt av.
Ikkje brann- og røykskille
Grunnen til at varslingssystemet sonsøkarane, ikkje fungerte denne kvelden er ikkje klarlagt, men varslinga fungerte få dagar i førevegen og ein time etter at brannen vart varsla.
Om den manglande varslinga hsdde noko utfall av brannen er usikkert – bedrifta ligg i sentrum av bygda – heile mannskapet møtte på brannstaden, og fleire oppheldt seg i sentrum eller såg røykutviklinga. Fem av mannskapet ved Hellesylt brannstasjon satt ved bedrifta
– brannstaden ligg 300 m frå brannstasjonen
Det viser seg i ettertid at dersom det hadde vore brannvarsling med vidarekopling til alarmsentral haddeutfallet mulig vore annleis.
Bygget hadde heller ikkje brann og røykskille som stoppa røyk- og sotskadene.
Grunnen til dei store skadesummane er at bedrifta driv med næringsmiddelproduksjon (kjøttvarer), og at nær sagt alt som var i bedrifta av varer, vert kassert.
Bedrifta fekk etter få dagar i gang drift ved slakteriavdelinga, og etter påska var noko av ferskvareproduksjonen i drift. Ansatte ved Ole Ringdal A/S har etter brannen utført ein stor innsats for å få arbeidsplassen sin i full drift.
10-«BRANNMANNEN» NR. 3-2001
Publisert: 05-05-2001
COMMENTS