Fleire og fleire eldre dør i brann heime

HomeForebyggende

Fleire og fleire eldre dør i brann heime

Gjennom media og fagtidsskrifter høyrer - og les vi om eldre som omkjem i brann. Tryggleiken for denne gruppa i samfunnet vart har blitt dramatisk forverra dei seinare ara.

Dette har sin bakgrunn i mellom anna at det vert fleire og fleire eldre som bur heime eller i alders- og omsorgsbustader. Mange av disse er pleie- og omsorgstrengande. I 1998 var det laga ei oversikt på dette som viste at denne gruppa tel over ein halv million. I 1999 var det nær 20 personer i denne gruppa som omkom grunna brann.
Brannvesenet sine utrykningar til bustadbrannar har fra 1990 til 1999 stege i tal fra ca. 1500 til ca. 1700. Dette var ikkje målsetninga til forskriftsmakarane som laga «Forskrift om brannførebyggande tiltak og brannsyn», som derimot sette seg mal om ein større nedgang. I desse 1700 ligg der ein viss prosentandel bustader for nemnde gruppe.

Negativ utvikling
Før eldrereforma vart vedteken, hadde alle kommunane aldersheimar. Ein kan gjerne meine at dette var ei dyr ordning for kommunane, men det er i alle fall eit faktum at det omkom svært få personer som budde i slike institusjoner. Desse var underlagt offentleg branntilsyn, dei var utrusta og bygde til å vera mykje tryggare enn vanlege bustader – og ikkje minst, der var personale som skulle kunne hjelpa til ved uønska hendingar.

Etter at eldrereforma kom, vart aldersheimar lagt ned, det vart bygd aldersbustader og omsorgsbustader i stor stil, og kva ser vi? Jo, her er det berre krav til brannsikring som vanleg bustader. Bustadane vert sjølvsagt til rettelagd for å gje ein enklare kvardag, men brannteknisk var det i mange høver betre at dei budde i sitt gamle hus ute i bygd eller by.
Ein røykvarsler i kvart hus, som føresegnene krev, og slokkemiddel, som i mange høve er eit 6 kg pulverapparat, er ikkje brukbar løysing for eldre og er på langt nær tilfredsstillande. Mange bustadkompleks er reine brannfeller, og mange vil omkome i framtida i desse bustadane. Omreisande hjelpepersonell dag eller natt, som kommunane av økonomiske grunnar held på eit minimum i tal, har på ingen måte mogelegheit til å kunne avverga brannar hjå heimebuande eldre. Dei som ikkje kan gå ut sjølv brenn inne, og dei som ikkje kan slokke eit branntilløp sjølv, misser bustaden sin.

Fleire pleiepasientar
Det er ei kjend sak at mange eldre i aldersbustader må ha hjelp. Nokre må ha mykje hjelp og er avhengige av hjelp til å forflytte seg. Aldersbustader vert ofte bygd anten som rekkehus eller lågblokker. Det er alltid oppegåande folk som flytter inn i slike. Dette kan vera sjølveigde eller leigde frå kommune eller burettslag. I kommunane vert det ikkje alltid særleg skilnad i begrepa aldersbustad og omsorgsbustad. I praksis vert dette mange ganger likt sjølv om byggeforskriftene har tydeleg skille. Sjukeheimen i kommunane har som regel ikkje ledig kapasitet. Dette medfører naturlegvis at pleietrengande i «private» bustader vent pleia der dei er, av heimetenesta.

Rett opp gamle synder
Frå vi var små har vi lært å ta konsekvensane for feil som har blitt gjort. Dette er lærdom som dessverre ikkje lenger ser ut til å bli verdsett så høgt.
Ein lærer ikkje av andre sine dumheiter, vert det sagt. Dette er synd, for det er nettopp andre sine røynsler og dumheiter myndigheitene må ta inn i lover og regelverk slik at feilstega ikkje gjentek seg.
Myndigheitene si oppgave er ikkje å forby mest mogeleg, men syte for at risikoen for at noko uønskt skal skje, vert så liten som råd og at konsekvensane når noko skjer, vert så liten som mogeleg. Det er på høg tid at alle aktørane, frå byggebransjen til omsorgsapparatet i langt sterkare grad tenkjer konsekvens i det daglege arbeid. Dersom vi trur at katastrofer og brann ikkje skjer oss, gjer vi ikkje jobben vår.

Som fluga mot vindauget
Kva gjer fluga mot vindaugsruta ein varm solskinnsdag?
Jo, ho surrar og surrar og vil ut. Ho flyr mot ruta gang etter gang etter gang utan å kome ut. Ja ho held på med dette til ho dør og ligg att i karmen.
Myndigheitene pøser på med forskrifter, målsetninger og prognoser. Går ikkje
dette som planlagt, vel da må ein innføre enno meir forskrifter. Likevel oppnår ein ikkje ønska resultat.
Vi når ikkje monalege resultat ved gjera dette på denne måten. Antalet av- og innholdet i forskrifter og veiledninger til så vel til Plan- og bygningslova som til Lov om brannvern burde tydelegare vise at alle risikomoment var tilstrekkeleg vurderte, men nei. Kvardagen for oss som driv førebyggande brannvern og brannteknisk sakshandsaming ute i KommuneNorge, viser tydeleg at forskriftsmakarane på fleire område har vore altfor lite konkrete. Det er dessverre deler av forskrift- og veiledningstekstane som er så dårleg utforma at det grensar til skivebom! Ein kan umogeleg oppnå dei sette mala med grunnlag i slikt.

Reviderte forskrifter/nye tankar? 
Etter var meining er det på høg tid å starte ein ryddejobb i forskriftsskogen. Færre og mykje tydelegare forskrifter og veiledninger.
Meir konkrete og tydelegare forskrifter = nedgang i brannskade og tal på branndøde. Korleis? Dersom myndigheitene
verkeleg ønskjer å oppleve sterkare vekst i positiv lei, så må ein ta rev i seglet og gjera følgjande:

  • Oppføring av bustader som skal vera eit ledd i kommunen sin eldreomsorg, skal utan unntak byggast i risikoklasse 6.
  • Ein kan sløyfe begrepet aldersbustad og berre bruke namnet omsorgsbustad. Det er dette det vert nytta til likevel.
  • Det må stillast sentralt krav om at alle slike bygningar skal ha bustadsprinkling eller vanntåke anlegg. Politikarane våre skjønnar ikkje at slike bygningar i dag må plasserast nær sjukeheimen, dersom det skal vera brukbar tryggleik for bebuarane.

Nei dei vil ha slike bygninger ute i bygdekrinsane og gjerne langt frå brann-
brannstasjonen. I mange høve vert utrykkingstida frå brannstasjonen altfor lang med tanke på å berge liv. For brannfolka vil det vera ein dramatisk skildnad i å kome til eit hus som er overtent og slokke restane for deretter å finne ein død forbrent person og i motsett fall finne eit hus der brannen er slokka av automatisk slokkingsanlegg, eit rom eller to er oversvømt og gjerne ein ufør person er gjennomvåt og kald, men i live.

  • Det er også klart at det må setjast konkret krav om husbrannslange der det bur eldre folk. Mange slike greier ikkje å bruke ein 6 kg handslokkar. Dette er undersøkt lokalt mellom heimebuande pensjonistar. Vannslange har alle brukt gjennom livets lange løp så dette må vere kurant.
  • Mange eldre på landsbygda har tidlegare ikkje vore vane med å ha avtrekk over komfyren. Nar eldre folk flytter inn i moderne aldersbustad og etter kvart blir litt glømsk, vert ikkje avtrekket over komfyren igongsett. I bustadkompleks med fleire bustader og felles alarmanlegg, blir det av den grunn ofte falske alarmar. I slike bygningar må avtrekksvifta koplast til komfyren slik at den går så lenge komfyren er på.
  • I slike bustader vert det ofte innreia open løysing for stue og kjøken. Anten må det bli krav om fysiske skiller mellom desse roma eller så må detektoren i stua plasserast lengst mogeleg borte frå steikeplassen. Dette viser seg i dag å vera svært tilfeldig. Prosjekterande konsulentar har ofte ikkje nok kompetanse for å vurdere slike forhold.
  • Omsorgsbustader må alltid ha naudutgang direkte frå bueininga til terrenget.
  • Det må innførast ved forskrift at alt personale som arbeider i omsorgstenesta knytt til open omsorg skal ha årleg oppdatering (kurs på nokre timar eller ein dag) i førebyggande brannvern for heimebuande pensjonistar. Helse-og sosial etaten i kommunane må påleggast å følgje opp dette. Dokumentasjonskrav.

Husbanken, ein medspelar?
Etter vår meining er Husbanken ein sentral aktør i bustadbygginga innan den opne eldreomsorga.
Her trengst ein ny gjennomgang av regelverket med ambisjoner om ein tryggare kvardag for slike utsette grupper enn det som er situasjonen i dag. Ein veg å gå, kan vera å differensiere låne- og tilskottsrammene i høve til tryggleiksstandard. Det må vera mogeleg å krevja brannførebyggande og skadeavgrensande utrustning i slike bustader etter same prinsipp som det er laga regelverk for livsløpsstandard. I dette ligg og definitive krav til bruk av tekstiler til innreiing.

Framtidige mål
Stortingsmelding nr. 41 om Brann og eksplosjonsvern (2000-2001) legg mellom anna føringar for at … sannsynlegheten for å omkome i brann i bustadar skal reduserast. Utsette grupper er eit særleg satsingsområde.
Det står også i den at . . . Igongsette informasjons- og samarbeidsprosjekt skal evaluerast og eventuelt vidareutviklast … I mange kommunar er det berre brannvesenet som jobber målretta i høve til brannsikring av heimebuande pleietrengande.
Det er vidare sett som mål at … behovet for nye krav tilførebyggande og skadereduserande tiltak, m.a. sprinkling og seriekopling av røykvarslarar, skal vurderast.
Som ovanfor nemnt, må dette føre til ei kraftig forskriftsendring. Ikkje berre i FOBTOB, men og innan fleire andre fagfelt.
Vi som arbeider på grasrota vonar myndigheitene forstår var frustrasjon i kvardagen og iverkset ny revisjon av forskrifter og veiledninger så vi snarast mogeleg kan oppnå dei nasjonalt sette måla i brannvernarbeidet.

COMMENTS