Farleg-gods ulykke i Høyanger

HomeCBRNE

Farleg-gods ulykke i Høyanger

4. januar køyrte ein trailer lasta med aluminiumsslagg av vegen ved Vadheim i Høyanger kommune. Ulykka vart meldt av sjåføren av ulykkesbilen til Alarmsentralen i Florø kl 00.15.

Følgjande melding er logga:
” Eit vogntog med farleg gods UN-nummer 3170 lasta med to containerar på totalt 26 tonn har køyrt i elva ovanfor Vadheim mot Førde. Bilen ligg i elva, ein person sit muligens fast i vogntoget.”
Brannvesenet i Høyanger vart varsla om ulykke. Full alarm ble slått kl. 00.17 og mannskapa rykka ut frå stasjonen kl. 00.24. Avstanden til ulykkespunkt er ca. 27 km.

Høyanger kommune har samarbeid med Hydro Aluminium, og deira industribrannvern er kommunen sin fyrste innsatsstyrke for dette området. Høyanger er ein av tre kommunar i Noreg som har ein slik ordning med at industribrannvern er kommunen sitt brannvern. Industribrannvernet til Hydro Høyanger har i alt 24 mannskap, av desse er 15 operative røykdykkarar.
I Vadheim, nærmaste tettstaden til ulykka, har vi eit mindre depot, med ringeliste til reservemannskap. Parallelt med at mannskapa frå Høyanger var på veg, var desse mannskapa varsla av alarmsentralen.
Mannskapa frå Vadheim var på ulykkesstaden kl. 00.33, og då dei var på veg ned til ulykkesbilen høyrde dei for fyrste gong på sambandet at det var farleg gods på vogntoget. Slik vogntoget låg var det ikkje mogleg å sjå merkinga av vogntoget frå vegen.

Opplysningar om stoffet kom frå alarmsentralen som hadde dette i sitt ALREG-faradataregister. 
Mannskapa snudde og gjekk opp att på vegen der dei rigga lys og venta til mannskap med full luftvernutstyr frå Høyanger var på plass, kl 00.45.
Fyrste bilen på staden etter ulykka var ein annan trailer, og sjåføren av denne var nede og sjekka tilhøva. Han hadde med seg eit teppe, men kjende lukt og gjekk opp att til vegen. Dette var samstundes som mannskapa frå Vadheim var der. All trafikk vart stansa.
Kl. 00.53 kom sjåføren av ulykkesbilen opp til vegen for eiga hjelp.

Sterk gassutvikling
Dersom meldinga om farleg gods hadde vore tydelegare på nett, ville ein sannsynlegvis kunna unngått at mannskap utan røykdykkarutstyr hadde gått i innsats. Men i ”kampens” hete er det lett å meine dette i etterkant.
Frå dette tidspunkt vart dette ei ulykke med fare for akutt forureining, og tiltaka som vart utført vidare var i samsvar med farekort og eventuell risiko. 

Dette skjedde i samarbeid med Interkommunalt selskap for akutt forureining, IUA , region Sogn og Sunnfjord. Dei stilte med tre mannskap, og deira erfaring og kompetanse i høve tilsvarande aksjonar, var til stor nytte i arbeidet på staden. IUA koordinerar også dette mellom bileigar, skadestadsleiing, forsikringsselskap m.m.. Dette syner seg å vere svært viktig i høve kostnad. I vårt tilfelle stilte bileigar garanti for ansvar i høve redning/forureining straks vi stilte spørsmål om det.
Det var sterk gassutvikling med vond lukt, og skadestadsleiinga vurderte på dette tidspunkt at nærmaste busetnad måtte evakuerast. Helse/ambulanse etablerte saneringsplass på ”andre” sida av ulykkespunkt, på rett side i høve vidaretransport til sjukehus.
Det vart bestemt at mannskap som hadde gått i innsats utan verneutstyr skulle sanerast, og desse vart sendt vidare til sjukehus. Dette gjaldt fem brannmannskap og fire ambulansepersonell. I etterkant kan det hevdast at dette var unødvendig, men tryggleiken for mannskapa tilsa at helse/ambulanse tok ”full pakke”. Ingen av mannskapa har hatt ubehag etter ulykka.
Heile arbeidet skjedde i perioden kl. 01.13 – 07.50.

Det vart utført måling av gasskonsentrasjonar, og det vart målt giftige gassar som tilsa at mannskapa som skulle delta i prosessen med ”heving”/redning av bil og hengar med lass skulle ha full luftvernutstyr.
Det måtte skaffast kranbil m.m., og arbeidet med å tømme ”elva” og få lasta trygt plassert på eigna område vart avslutta kl. 21.30.
Natt til 5. januar var det vakthald på vegen, og brannmannskap, kranbil m.m. var på plass utover dagen for å rydda den delen av lasta som låg att i terrenget og i elva.
På grunn av stor vassføring står det enno att ein del oppryddingsarbeid. Dette skjer etter pålegg frå Fylkesmannen, og i regi av forsikringsselskapet til ulykkesbilen. Pålegget frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inneber at undersøkingar av elvas botnfauna og fisk skal utførast for å avdekke mulige skader.

Vår evaluering viser at det er grunn til å gå gjennom varslingsrutinane for å være sikre på at alle oppfattar meldinga sin karakter. Samstundes kan ein stille spørsmål om man skal ha meir utstyr lokalt, mellom anna til måling, men dette blir både eit spørsmål om kost/nytte og kompetanse. Med eige måleutstyr kunne situasjonen i høve sjåføren vore avklara tidlegare, men vår konklusjon er at vi må vera raskare til å be om hjelp frå IUA og miljøavdelinga ved Hydro Høyanger som har måleutstyr som kan nyttast.
Saneringsoperasjonen kan i ettertid virke overdimensjonert, men dette var fyrste gong Helse Vest i Førde nytta saneringsstasjonen og derfor vart det ein nyttig erfaring for alle partar. 
Alle aktørane i dei ulike fasane skal ha ros for positiv innsats.

 


Fakta:
Aluminiumsslagg vert transportert samanpressa som et fast stoff og hører inn under fareklasse 4.3. Transporter av aluminiumsslagg er merket med farekode 423 og UN-farenummer 3170. Stoffet skal ikkje være eksplosjonsfarlig, men utviklar i kontakt med vann overvegande hydrogengass samt små mengder ammoniakkgass, og minimalt med fosfin som er ein giftig gass. I friluft er det vanskelig å oppnå skadelige konsentrasjon av gass såframt ein ikkje har direkte kontakt med stoffet.
 

Publisert: 02-01-2005

COMMENTS