Bussulykka i Herøy

HomeRedning

Bussulykka i Herøy

Ulykker med store køyretøy er ein utfordring for alle brannvern. Då ein skulebuss med tolv elevar glei av vegen og gjekk rundt i Herøy i Møre og Romsdal i februar, betydde det at det brannvernet måtte ta i bruk kunnskapar fra øvingar og nyttja spesiell kompetanse og utstyr fra to brannvern.

Ulykkesstaden var på fylkesveg 10 langs den verharde Løsetstranda i Herøy kommune – like ved kommunegrensa til Sande. Den asfaltert vegen var 5 – 5,5 meter brei utan vegskulder og autovern. Frå fylkesvegen til terrenget på nedsida så er det ein høgdeskilnad på om lag fem meter. 
Ulykka skjedde mandag 27. februar 2006 kl. 16.24. Det var slapseføre på vegen med islagde parti, 0-føre og kastevind.

Etter melding om trafikkulykke frå AMK så vart det av vakthavande brannsjef Tore Langvant slått full alarm på begge brannstasjonane. Ifylge meldinga så hadde det skjedd ei bussulykke mellom Moltustranda og Gjerdsvika der fleire personar var fastklemde og bevistlause. Under utrykning til ulykkestaden kom det melding frå AMK, der brannvernet vart anmoda om å medbringe back board frå ambulansegarasjen. Like etter vart det tilbakemeldt at fyrste brannmann var framkomen og i påvente av ambulansepersonell var han i ferd med å ta seg av ein person som var fastklemd under bussen. Han vart sett i forbindelse med 113 for medisinsk rettleiing. Like etter så var brannbilen frå Herøy framme på ulykkesstaden. Fleire av mannskapa fylgde like etter i eigne bilar. 

Utrykning frå Sande kommune
Knut Nystøyl driv ein storbilverkstad på Larsnes og er i tillegg tilsett i brannvernet som brannmester i deltidsstilling. Ved hjelp av tidlegare anskaffa løfteputer og tilgjengelege gamle køyretøy, så har han gjennom ei årrekkje laga realistiske øvingsopplegg med storbil for brannvernet, både med og utan markørar.  Han fekk og laga eit system for korleis ein burde organisere slik innsats på skadestaden.  ”Dette er ein kunnskap som ikkje kan vere personavhengig, ” sa han.

27. februar var han i ferd med å avslutte arbeidsdagen på verkstaden sin då alarmen gjekk og melde om bussulykke på Løsetstranda med fleire skadde. Like etter vart Nystøyl oppringt på ein dårleg telefon frå av ein av bussjåførane.  ”Eg har fått alarm og må rykkje ut med ein gong”, sa Nystøyl, ” Har ikkje tid å prate med deg no”, sa han og avslutta samtalen.
Det neste møtet mellom desse kjenningane vart nokre minutt seinare på Løsetstranda der sjåføren låg skada i snøen med ein lånt mobiltelefon etter å ha blitt kasta gjennom frontruta på bussen han hadde køyrt og som no låg velta på nedsida av vegen.  
Rundt sjåføren var det 11 skuleelevar som delvis hadde blitt kasta ut av sidevindua på bussen då denne gjekk rundt, og delvis hadde kome seg ut ved eiga hjelp. Nokon hadde synlege preg av det dei hadde vore igjennom, hos andre var spora mindre synlege.
Bak i bussen var ambulansepersonell i arbeid med å ta seg av den tolvte skuleeleven.  Han hadde gått igjennom den bakre takluka, og låg fastklemd og delvis under bussen.

Brannbilen frå Sande med mannskap og utstyr var imidlertid ikkje framkomen til ulykkestaden.  
Nystøyl var foreløpig åleine, og i dei lange minuttane tok tankane om innsats til å ta form og vart etterkvart vidareformidla til brannmannskapa frå begge kommunane:
– Ulykkesbussen har karosseri i rustfritt stål, og det vil bli vanskeleg å bruke klippeutstyr. Ein må basere seg på løfteputer og kjetting.
– Brannmannskap må hente stein som kan brukast som støtte og sklisikring medan ein venta på at løfteputene frå Sande skulle kome på plass.
– Kjetting var tilgjengeleg i brannbilen frå Herøy medan ein slambil som var komen til staden, ville vere veleigna som trekkvogn.  Det var viktig at kjettingfeste var sikkert forankra på bussen og ikkje lagt rundt ein ”laus”bakaksel.
Løfteputer og sikringstein kom etterkvart på plass, og kjetting vart festa i buss og slambil og stramma forsiktig opp. Inne i bussen var ambulansepersonell og tok vare på den skadde.  Ambulansehelikopteret hadde og kome til, og landa like ved ulykkestaden. Trafikken hopa seg opp på begge sider av ulykkestaden, og ein stor tilskodarskare samla seg oppe på vegen.  Ein del pårørande kom og til etter at meldinga om ulukka hadde nådd dei.

Innsatsen
Innsatsen måtte iverksetjast slik at bussen ikkje kom i bevegelse når løftet for å frigjere den fastklemde personen starta. Tankane om å gjennomføre løftet ved puter og spredar måtte ein gi opp etter melding om at pasienten var nedkjølt og at ei frigjering hasta.  
Den alternative løysinga med kjetting og luftputer innebar nødvendig koordinering og sikring av alle bevegelsar for løfting av bussen.   
Det vert tildelt slike oppgaver til brannmannskapa:
– Alle skal forholde seg til den person som dei får beskjed om og berre den.
– Ein skal etter signal knuse bakrute på bussen når den skadde personen er frigjort og skal takast ut.
– Ei rekkje brannmenn skal stå med klargjorde steinar langs bussen for å sikre at denne ikkje glir under løftet. 
– Ambulansepersonell inne i bussen skal ha syns- og samtaleavstand til signalmann på utsida av bussen.
– Denne personen skal forholde seg til person oppe på vegen som igjen signaliserer til sjåfør på slambil.  
På denne måten så vart det kontinuerleg forbindelse under heile løftet frå ambulansepersonellet inne i bussen til sjåfør på slambil.  Kl. 17.36, ca. ein time etter ulykka, så var den siste personen frigjort og på plass i ambulanse- helikopteret. Innsatsen var over for denne gongen.

Ettertankar
Det vart helde felles gjennomgang og debriefing for innsatspersonellet etter at ein var komen tilbake på stasjonen. Sjølv om ulukka hadde medført alvorlege personskader, og gjort sterkt inntrykk på alle, så var ein likevel samde om at denne gongen kunne det også ha gått mykje verre. Ein erfarte dessutan at ulykker med storbil også kan gjelde buss med passasjerar, og at det er viktig å ha kunnskap og øvingar for slike situasjonar.

COMMENTS