Brannførebyggande arbeid i Lom kommune

HomeForebyggende

Brannførebyggande arbeid i Lom kommune

Brannsikring av omsorgsbustadar og informasjon til alle innbyggarar i kommunen

Lom kommune ligg midt i Ottadalen med eit areal på 1945 km2 og ca 2500 innbyggjarar. Kommunen har 19 omsorgbustadar og 10 trygdebustadar. 
Brev frå DSB til landets rådmenn datert 02.09.2004 og 08.02.2005 var utgangspunktet for arbeidet med brannsikring av omsorgsbustadar og opplæring av tilsette i heimebasert omsorg kom i gang. Gruppa bestod av Heimebasert omsorg ved Reidun Øvre Øygard, teknisk etat ved Bjørn Ivar Solheim og Lom og Skjåk brannvesen ved Atle Festervoll. 
Vi starta arbeidet etter tilråding frå Direktoratet for Samfunnssikkerheit og Beredskap (DSB), Sosial- og helsedirektoratet (Sh.dir), Statens Byggtekniske etat (BE) og Husbanken om sikring av trygde – og omsorgsbustadar med kartlegging av branntryggleiken i alle bustadane. 
Etter dette starta vi opp med ei grundig risikokartlegging av samtlege kommunalt eigde bustadar til omsorgsformål i Lom. Analyserte desse og laga handlingsplan. Enkle konkrete tiltak vart straks gjennomførte etter oppsett tidsfrist og kvittert ut.

Brannalarmar/sprinkelanlegg: 
På grunn av eldre bygningsmasse og dårlege rømmingsvegar i omsorgsbustadar var branntryggleiken for dårleg (bygt i risikoklasse 4). For vår del besøkte vi alle bebuarane våre i trygde- og omsorgsbustadar, med den konklusjon at det var svært få som ved ein eventuell brann ville klare å redde seg sjølve i sikkerheit. For at dei skal få tidleg hjelp ved ein brannsituasjon, var det her nødvendig å montere brannmeldarar med direkte varsling til Lom Helseheim, der utrykkingstida er ca 3. min. Det var avgjerande at ein her kan hindre eller avgrense ein eventuell brann med rask utrykkingstid, da ein veit at ved branntilløp kan eit rom bli overtent innan 5 minutt. Altså vil det førebyggande perspektivet vera det viktigaste for å hindre brann. Rask utrykking vil kunne redde liv og at ein får avgrensa branntilløpet til brannvesenet kjem.

Det er og viktig å vera klar over at bebuarar kan få forverring i helsetilstand, og framleis bli buande i trygde/omsorgsbustadar. Dette gjev ekstra utfordringar til kommunen for at branntryggleiken skal vera tilstrekkeleg i vareteke. Brannalarmane vart ferdig montert i 29 bueiningar 01.06.07 Branntryggleiken er likevel ikkje tilfredsstillande utan sprinkelanlegg, som kompensasjon for bygningsmessige svakheiter. Det vart i desember 2006 gjort kommunestyrevedtak om montering av sprinkelanlegg i samtlege trygde- og omsorgsbustadar i løpet av ein treårsperiode og skal vere ferdig utført i løpet av 2009. Vi er no i gang med vurdering av bustadsprinkling eller tåkedusjanlegg. Her må vi gjere oss kjent med aktuelle løysningar, som er tilgjengelege i dag og som viser til gode testresultat så langt.

Opplæring av tilsette i heimebasert omsorg.
Etter kvart vart det teke tak i utfordringa med heimebuande eldre og personar med funksjonssvikt, som mottek omsorgtenester frå Lom kommune. Det vart teke utgangspunkt i opplæringsprogram (cd) utarbeidd av Brannvernforeningen til opplæring av tilsette i omsorgtenesta. Det vart fokusert på at dei tilsette skulle få teoretisk kunnskap til å identifisere behov for brannførebyggande tiltak, samstundes som det minimum to gonger i året blir gjennomført brannøvingar. Alle øvingar blir evaluert av tenesteleiar, som da legg inn tema for neste øving. Viktig med systematikk. Brannvesenet har sett det som viktig førebyggande å rettleie og spreie brannfagleg kunnskap til tilsette, for å gjera dette til ein allmenn kunnskap, som i neste omgang skal trygge flest mogleg av innbyggarane i kommunen. 
Med utgangspunkt i vurdering av eigne behov og samla brannførebyggande arbeid beslutta vi å produsere ei eiga brosjyre om brannvern, som skulle gje allmenn og nyttig informasjon for å kunne setja i gang enkle tiltak og gjennom dette auke branntryggleiken. Brosjyren inneheld 13 element om brannsikring.

Refleksjon og motivasjon. 
Brosjyren skulle vende seg direkte til mottakaren, vera oversiktleg, brukarvennleg, ha god bokstavstorleik, vera informativ og gje råd (ikkje pålegg), for der i gjennom å få mottakaren til å tenkje i gjennom sin eigen situasjon og bli motivert til sjølv å gjera noko med den. 
Ved å vinkle tema til råd i staden for pålegg ville kanskje målgruppa bli meir motivert til å lesa, og forhåpentlegvis gjera noko med eigen branntryggleik. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå pårørande og andre, som har motteke brosjyren..
Leiar heimebasert omsorg er klar på sitt ansvar. Når ein ved heimebesøk observerar at brannførebyggande tiltak burde vore i gangsett opnar det seg fin moglegheit til dialog, motivasjon og kunnskapsformidling ved konkret å kunne informere og dele ut ei brosjyre. 
Brosjyren er trykt i så stort opplag at vi vil bruke den som eit hjelpemiddel dei næraste åra
Lom kommune og Lom og Skjåk brannvesen har lagt ned eit stort arbeid for at dette skal kunne fungere i det dagelege arbeidet i omsorgtenesta.

Kva har vi fått til?
Samarbeid og forståelse på tvers av kommunale etatsgrenser og brannvesen, slik at vi evna å sjå heilskapen i brannførebyggjande arbeid. At vi gjennom kartlegging, risikoanalyser og tverrfagleg samarbeid identifiserte eigne behov om auka informasjon til målgruppa og fekk realisert brosjyren. Fleire tiltak i lag med brosjyren skal i sum høgde branntryggleiken for målgruppa, t.d plan for bustadsprinkling i samtlege trygde/omsorgsbustadar prosjektert innan 3 år og brannvarslingsanlegg for same bustadane som var ferdig i mai 2007. Utrykkingstida for helsepersonell er på ca 3.min, såleis at dei har moglegheit til å starte evakuering og avgrense brann til brannvesenet er på plass. Vi er og stolte av å ha fått til totaldistribusjon av brosjyren i heile kommunen og på den måten nådd fleire enn den primære målgruppa. Det er viktig å legge vekt på det førebyggande perspektivet – vi meiner det reddar liv!

Korleis kan andre ha nytte av erfaringane våre? 
Tiltaket er i seg sjølv heilt ordinært, men unikt fordi samarbeid her har gjeve resultat i fleire og samla tiltak overfor ei svært utsett målgruppe. Frå ord til handling, der fagområde ikkje har stått mot kvarandre, men med kvarandre og lært av kvarandre. Der tryggleik for bebuarane har vore det samlande perspektivet og den felles drivkrafta. For oss har det vore nyttig å samtale om kven som har ansvar for kva (bygg, bruk, opplæring, tilsynsmynde..). Partane føler branntryggleik, som eit stort og tungt ansvar. Derfor er det absolutt behov for vidare vurderingar, enn berre frå enkelte fagområde, for å sikre størst mogleg branntryggleik for målgruppa. I seg sjølv vart dette arbeidet veldig målretta og interessant når vi fann ei løysingsorientert, inkluderande og offensiv arbeidsform. Retninga var staka ut og dit skal vi i fellesskap – ikkje berre dette året, men også framover i tid. Det er lett å ta kontakt når ein har ei felles plattform. Vi kan diskutere og hjelpe kvarandre. Det er ikkje kva kvar enkelt av oss gjer som er det viktige, men kva vi i fellesskap og heilskap får til. Vi vil fortsetja det tverrfaglege samarbeidet mellom heimebasert omsorg, teknisk etat og brannvesenet. Desse tre partane har hatt eit svært godt samarbeid om brannvern, som vi meiner har kome partane og fyrst og fremst brukarane til gode. Ein for oss framtidsretta og godt fungerande arbeidsmåte.

Å vera med kvarandre – ikkje mot kvarandre.
Brannvesenet har samarbeidd med pleie og omsorg siste 5 åra. Dette har gått mykje på brannøvingar og rettleiing i forhold til utfordringar dei har hatt. 
Heimehjelpene har t.d. separate øvingar og får rettleiing i gruppe om situasjonar dei har opplevd som vanskelege hjå heimebuande. Dei får og med seg brosjyren til utdeling, og har uttala at det er viktig å ha eit skriftleg produkt å støtte seg til. Dei kan også hjelpe til med å skifte batteri i røykvarslarar. Det er alltid viktig å gripe fatt i dei utfordringar som ligg i dagen, for å fange opp ting som nå eller på sikt kan bli brannfarlege. Tilsette eller andre som ofte er i lag med eldre og funksjonshemma har den beste menneskelege kunnskapen og kan i mange tilfelle forutsjå reaksjonsmønster og handlingar som kan kome. Dette viser kor viktig samarbeid er på det førebyggande stadiet og korleis menneskeleg og brannfagleg kunnskap er gjensidig viktige.

Tenesteleiar påpeikte tidleg at det var eit stort ansvar, og ba om rettleiing i forhold til branntryggleiken. Vi føler her at vi har eit godt samarbeid både med teknisk etat og tilsette i pleie og omsorg. Tenesteleiar heimebasert omsorg har laga branndokumentasjon for trygde og omsorgbustader etter krava til § 13 i forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn. Brannvesenet ser positivt på den gode utviklinga i heimebasert omsorg, der det er og har vore arbeidd systematisk for å få inn ny kunnskap. Brannvesenet meinar at vi har god nytte av dette også i forhold til beredskapen. Innsatsplanar er på plass. Dette har vore vel anvendt tid for oss. Eit godt førebyggande tiltak, som har god effekt.  
”Du kan redde liv – ditt eige eller andre sitt – ved å lære meir om brannvern”.
 

COMMENTS