Brannen i lasteskipet Porto Cervo

HomeBrann

Brannen i lasteskipet Porto Cervo

Morgonen 13.mars fikk Stranda Brannvern melding om brann i styrehus på det Maltaregistrerte lasteskipet Porto Cervo, som ligg til kai ved Raudbergvika, eit mineralbrudd i utløpet av Sunnylvsfjorden. Lasteskipet på 80.000 tonn låg til kai for lasting av steinmasser då det braut ut brann i styrehuset. Skipet har eit filippinsk mannskap på 28. Raudbergvika mineralbrudd har tilkomst med båt, ca. 8 km. frå Stranda.

Eg vil her prøve å framstille det som for oss er eit av dei verste objekta ein kan utføre sløkking i. Dette med tanke på adkomst, utstyrsbehov, kompetanse og ressurstilgang.

Stranda kommune er ei kommune ved Storfjorden med ca. 4600 innbyggarar på indre Sunnmøre, i Møre og Romsdal, der ca. 3000 bur i tettstaden Stranda.
Stranda kommune har 4 bygdelag, Stranda , Hellesylt, Geiranger og Liabygda.
Brannvernet i kommunen består av 57 deltidsmannskap fordelt på 4 brannstasjonar.
Brannstasjonane på Stranda og Geiranger har røykdykkarmannskap.

Måndag 13.mars kl. 08.13:

Vakthavande befal får telefon frå vaktsentralen i Ålesund om at det er brann i styrehuset på eit lasteskip i Raudbergvika. Brannstaden ligg i nabokommunen Norddal, men ein slepebåt frå Ødegaard Berging som var i Raudbergvika, var allereie på veg til Stranda for å hente sløkkeutstyr. Vakthavande befal og alarmsentraloperatør vart einig om at dette ville være den raskaste måten å bringe mannskap og sløkkeutstyr til brannstaden på, og at stor alarm skulle sendast på personsøkarane til mannskapet i Stranda brannvern.

Kl. 08.17 blir båt frå Stranda Energiverk rekvirert av befal.

Kl. 08.23 køyrer tre bilar ut frå brannstasjon med utstyr ned til Stranda kai for å laste utstyr ombord i hurtigbåt frå Stranda Energiverk, og slepebåt som er på veg frå Raudbergvika.

Kl. 08.26 mottar vakthavande befal telefon frå AMK-sentral i Ålesund som orienterer om at helikopter med lege og medhjelpar er rekvirert. Befal avklarar med brannsjef om landingsplass for helikopter på Stranda kai.

Kl. 08.28 110-sentral tar kontakt for orientering om henting av utstyr og mannskap som skal om bord i slepebåten til Ødegaard Berging.

Ca. kl. 08.37 går vi frå land med båt tilhøyrande Stranda Energiverk med to røykdykkarar, brannmester, brannsjef og skadestedsleiar frå politiet. Det blir brakt med pumpe som kan levere ca. 600 l/min., 150 meter med 2 ½” slange, 50 meter 1 ½” slange og 2 stk. strålerør, 2 stk. røykdykkerflasker.  Det er også med røykdykkerkommunikasjon, 3 stk. mobilradio, 2 stk. GSM mobiltelefon, og 1 stk. NMT 450 mobiltelefon.

Kl. 08.46 ser vi Raudbergvika og lasteskipet Porto Cervo. Det er stor røykutvikling (grå røyk) frå toppen av styrhuset til Porto Cervo. Vindretning nord.
Slepebåt med 6 mannskap frå brannvernet går no frå kai ved Stranda. Dei har med seg
1 stk. motorsprøyte (Fox), 200 meter brannslangar og luftflasker for røykdykking.

Kl. 08.47 Vakthavande befal  tar kontakt med 110-sentral for meir informasjon om det er røykdykkarar på skipet og risiko ved røykdykking om bord i Porto Cervo. Avklarar dette med varabrannsjef Bakkhaug frå Ålesund brannvesen, og blir einige om at vi ikkje går inn i skipet.

Kl. 08.52 tar helikopter av frå Stranda kai med to røykdykkarar. Desse to har røykdykkerkommunikasjon, og ekstra luftflasker.

Kl. 08.55 landar helikopter  på hovuddekket av Porto Cervo og to røykdykkarar tek seg opp langs utside av styrehuset, og opp til brua som ligg seks dekk over hovuddekket.
Røykdykkarane blir møtt av mannskapet på Porto Cervo og tek over sløkking med eitt av slangeutlegga, frå skipets pumpeanlegg, som mannskapet allereie har lagt ut. Det er stor røykutvikling  og varme frå styrhuset. Det er også dårleg sikt inn i styrhuset. Det er lett adkomst for å utføre sløkkearbeidet då det er adkomst frå begge sider via bru-vingane, og alle vindauga i styrhuset har sprokke. Det er også god plass ute på dekk for bytte av røykdykkerflasker m.m.
Styrehuset har vore overtent, og styrepultar og innreiing er i brann. Det er også mykje elektriske installasjon som gnistrar og kortsluttar inne i styrehuset.

Ca. kl. 09.00 anløper båt frå Stranda Energiverk, og legg inntil ferja som tener som opphaldsstad for arbeidarane i Raudbergvika, og utstyr blir lasta opp på ferjedekk.
To røykdykkarar tek seg opp til hovuddekk av Porto Cervo med slangar og røykdykkerutstyr. Pumpe blir rigga opp på ferjedekk og vatn blir sett på opp på hovuddekk av skipet. Røykdykkarane og brannsjef tek seg opp på brua av Porto Cervo via trapper på utsida av styrehuset, for å orientere seg med situasjonen, og hjelpe til med slokkearbeidet.
Skadestadsleiar frå politiet brukar ferja i Raudbergvika som KO. Det blir oppretta samband på redningskanalen mellom skadestadsleiar, lensmannskontoret på Stranda og fagleiar brann.
Det er vanskar med å kommunisere mellom brannmannskapa og det filippinske mannskapet om bord p.g.a. språkvanskar.

Kl . 09.03 returnerer helikopter til Stranda.

Kl. 09.10 fagleiar brann (vakthavande befal) er oppe på hovuddekk av Porto Cervo.
Eg oppheld meg på hovuddekket der det er moglegheit til augekontakt med styrehuset og skadestadsleiar i KO.

Kl. 09.15  er slepebåt med meir utstyr og mannskap kome til skipet. Utstyr og mannskap blir tatt i land og løfta opp til hovuddekk på skipet med hjullaster frå mineralbruddet.
Norddal brannvesen er i beredskap på Liabygda ferjekai.
Sykkylven brannvesen i nabokommunen blir informert om at dei må kunne yte bistand til Stranda brannvern ved brann.

Kl. 09.28 er brannen under kontroll og ingen personar er skadde.

Kl. 10.09 er brann sløkt og etterslokking blir utført av mannskapet om bord i Porto Cervo.
Brua på styrehuset er totalskadd og vatn renn ned gjennom dei underliggjande dekka i styrehuset.

Stranda brannvern deltok med 12 mannskap, derav 5 røykdykkarar i denne aksjonen.
Adkomst til Raudbergvika er med båt, brannvernet disponerer ikkje båt sjølve. Det vart derfor rekvirert hurtigbåt, frå det lokale elverket. Skadestadsleiinga og røykdykkarar var framme på kort tid for å kunne få overblikk over situasjonen.
I denne båten kunne det takast med minimalt med mannskap og utstyr, slik at ein ved liknande situasjonar må forvente å kunne ta i bruk for eksempel ferjer som går på ulike samband inne i Storfjorden.
Det vart oppretta radiokontakt mellom skadestadsleiar og fagleiar brann på redningskanalen, som også kommuniserte med lensmannskontoret på Stranda.
Fagleiar brann kommuniserte med brannmannskapet oppe på styrehuset på brannvernet sin kanal.
Røykdykkarane har UHF samband til røykdykkarleiar.
I dette området er det dårlege mobiltelefonforhold både for GSM og NMT450 systemet, og ein var her avhengig av radiosambandet.

Skadestadsleiar tok kontakt med bilferja Veøy (som gjekk i rute på Sunnylvsfjorden  p.g.a. ras-stengde vegar i kommunen) for å kunne ta i bruk denne ved behov. Ferja vart seinare sendt vidare til Stranda med passasjerar, då ein vurderte at ein ikkje hadde behov for den.
Det vart teke kontakt med leiinga om bord i Porto Cervo for å få den nødvendige informasjonen om antall mannskap, eigarforhold m.m. Det kom då fram at skipet var registrert i Malta, med eit norsk selskap som agent for skipet. Det vart kravd bankgaranti for utgifter i forbindelse med aksjonen.

Tankar kring skipsbrannar.

Brannvernet og skadestadsleiar John Kåre Flo frå politiet gjennomførte evaluering etter brannen og ein kom då fram til at aksjonen hadde blitt utført raskt og at det ikkje var mykje ein kunne gjort annleis. 
Det kom fram fleire spørsmål omkring brann i skip:
-kva om brannen starta lenger nede i styrehuset?
-brann i maskinrommet?
-bunkersolje m.m.?
-trange leiderar og gangar, og ukjende røykdykkarar?

Store skip er svært aktuelle objekt i vår kommune, då vi har opptil 130 anløp av turistskip og daglege anløp av Hurtigruta, i Geiranger i sommarhalvåret.

Det er her naturleg å stille følgjande spørsmål:

Kan ein forvente at eit brannvern med deltidsmannskap skal kunne yte bistand ved brann i desse objekta? 
Er det forsvarleg av eit deltidsmannskap å utføre innsats om bord i skip?
Kva slags utstyr- og kompetansekrav må ein stille til slike aksjonar?
Kva med sikkerheita til mannskapet ved transport i båt, til og frå brannstaden.?

Inge Teigen, brannmester
Stranda kommune

Publisert: 05-03-2000

COMMENTS