HomeDiverse

Årsmøte i brannbefalslaget

Sogn og Fjordane Brannbefalslag avvikla i år årsmøte på Sogndal Hotell. Det var også i år lagt opp til eit faglig og sosialt opplegg gjennom tre dagar.

Årsmøtet viste at det har vore god aktivitet i laget og kasserar kunne vise fram eit rekneskap med eit overskot på vel kr. 31.000,- som delvis kjem av at laget har halde ein kurs. Det vart vedteke å opprette stipend eller påskjønnelse til medlemmer som gjer ein god innsats for godt brannvern eller brannførebyggande arbeid.

Det nyvalde styret vart slik:
Leiar Leif Amundsen, Florø
Nestleiar Håkon Dyrstad, Bremanger
Kasserar Leif Otto Olsen, Førde
Sekretær Arvid Haukareid, Sogndal
Styremedlem Arvid Gilje, Aurland Varamedl. Per Grov, Florø
Varamedl. Runar Kleppe, Gloppen.

Fagseminar: Hovudtema i år var tunnel- beredskap som er eit aktuelt tema for eit tunnelfylke som Sogn og Fjordane.

Tunnelheredskap

Arvid Gilje, brannsjef i Aurland kommune har hatt mange tunnelprosjekt i sin kommune, og har mange erfaringar og vore foregangsmann for brannsikkerhet i tunnelar. Gilje slo fast at bygging av tunnelar er tiltak etter § 93 i plan- og bygningslova og derfor søknadspliktig.
Alle tunnelar over 500 meter skal registrerast som § 22-objekt. Det er svært viktig at det vert sendt førehandsmelding om at tunnelen vil verte registrert som § 22-objekt.

Det er viktig å få tidleg kontakt med Vegvesenet og få dei til å lage beredskapsplan for tiltaket. Vegvesenet har utarbeida mal for slik beredskapsplan. Andre krav ein bør vurdere er utstyr i tunnel, utstyr til brannvesenet, organisatoriske krav, systematisk vedlikehald og dokumenterte øvelsar.

I rapporten som er utarbeida er det laga mal for handtering av gamle og nye tunnelar. Viktige hjelpemiddel i arbeidet er handbok 017, 021,11l, veiledning 163 og utredning frå vegdirektoratet. Dette er eit minimum og det er høve til å kreve ytterlegare sikringstiltak etter § 25.
Gilje framheva at det er viktig å halde eit positivt formøte før brannsyn vert halde for å få forståing for krav som vert stilte. Då Gudvangentunnelen vart bygd, var det vanskeleg å få gjennomslag for krava. Den gang vart det bekrefta frå DBE at brannsjefen kan stenge tunnelen, dersom sikkerheten ikkje er ivareteken. Det er i dag mykje betre kommunikasjon med vegvesenet og større forståing for krav som vert stilte. Største utfordringa no er eldre tunnelar og spesielle tunnelar som f.eks. høgfjellstunnelar. Gilje avslutta sitt innlegg med ei oppfordring til å starte registrering av eldre tunnelar med ein positiv dialog med vegvesenet.

Sikkerheten – et prioriterings- spørsmål

Kjell Opseth, tidlegare samferdselsminister, heldt eit innlegg med synsvinkel frå ein politikar sin ståstad. Tryggleik i tunnelar samt vedlikehald av desse er viktig som i andre saker. Det er særs viktig med førebyggande arbeid og vurdere nødvendig utstyr og mannskap for å handtere ein eventuell ulykkessituasjon.
I dei fleste tilfeller er det direktoratet som utarbeider forskrifter som vert godkjent av Stortinget. Ved utarbeiding av viktige forskrifter vert forslaget sendt på høyring til alle direktorat. Dei enkelte fagetatar/direktorat har ikkje kostnadsansvar for dei krav som vert sette. Politikaren må derfor vurdere konsekvensen i forhold til andre tiltak som og er viktige å prioritere. Opseth viste mellom anna til at det har vore sagt nei til utbetringstiltak på E18 på grunn av at midlane kunne brukast på andre område med større sikkerhetsvirkning.
Opseth understreka at brannsjefen var pliktig til å ta opp og fremme sikringstiltak, men måtte akseptere at ekstra tiltak vart sette opp mot andre sikringstiltak på andre områder. Det er ikkje realistisk å tru at ein kan sikre mot alle ulykker. I einskilde tilfelle må ein derfor akseptere at det er ein risiko ein må leve med.
Ved handsaming av Lærdalstunnelen valt det stilt spørsmål om det var økonomisk, teknisk og sikkert å bygge tunnelar på 24 km. Direktoratet svarte positivt på dette. Tunnelen hadde elles ikkje vorte bygd. For at eit prosjekt skal vere vellukka vert det sett store krav til fagetatane og direktoratet at alle utredingar skal vere rette.

Tunnelar skal byggemeldast

Jan Elvøy, frå Vegdirektoratet, og Handlykke, frå vegvesenet i Sogn og Fjordane, var og blandt forelesarane.
Elvøy tok fyrst føre seg plan- og sikkeringsarbeid ved driving av tunnel. Vegvesenet har no fått på plass alle system for kvalitetskontroll og internkontroll, som og omfattar branninstruks. For arbeidet med ein tunnel startar skal det føreligge beredskapsplan, redningscontainer og trådlaus radiokontakt med stuffen.

Vegvesenet skal ta kontakt med det lokale brannvesen for å få klarlagt kva utstyr og mannskap dei har for ein eventuell aksjon. Vegvesenet har folk med røykdykkarkurs og kan røykdykking, rnen ser helst at det lokale brannvesen har ansvaret for dette.
Tunnelar skal byggemeldast etter § 93 i plan- og bygningslova og helse- og sikkerhet for bergarbeider. Det er viktig med ein kvalitetsplan med prosedyrar For tenkelege uhell. Desse planane må gjennomgåast og øvast på med mannskapa.
I Sogn og Fjordane med mykje turisttrafikk vert største timetrafikk lagt til grunn for dimensjoneringa. Den tek utgangspunkt i ein personbilbrann. Vegnormalane set krav til bygging og utrustning av dei nye tunnelane, men det er fortsatt mange eldre tunnelar som trengs sikring.

Elvøy understreka at samarbeid og god kommunikasjon er viktig for eit godt resultat.
Trygve Conradi meinte det var viktig å klarlegge problemstillingane. Scenarie er ein fin måte å avdekke faremoment. i nokre tilfelle må ein berre akseptere at det er ein risiko ein må leve med. Samspel er viktig, men av og til kan det vere nyttig å gå mot konflikt for det endar som regel med ei god løysing. Det er litt feil å fokusere så mykje på brannvesenet og pengar til utstyr. Sikkerhet i tunnelane må vere hovudemne og utstyret brannvesenet kan vere ein måte å sikre betre på.

Det viktigaste no er å få fei les spelereglar og ens prosedyrar for både nye og gamle tunnelar. Dei nye tunnelane bør planleggast slik at personsikkerheten er teken vare på. Dei gamle tunnelane må ein forsøke å oppgradere til ein standard som for nye. Her bør brannsjefen få klarlagt frå myndighetene tempo og kvar lista for sikkerhetsnivå skal leggast.
Conradi streka til slutt under at når det først var laga planar og system var det viktig at desse vart brukte og oppjusterte.

Alarmsentralen i Florø

Leiar Terje Brandsøy orienterte om sentralen. I tillegg til brann har dei fleire kundegrupper som heisalarm, bankar o.l. Bankane er per i dag dei største kundane. I 1997 hadde sentralen 124 kundar med 581 utalarmeringar, og 650 automatiske alarmar.
Tilknytningsavgifta ligg på kr. 18,57 per innbyggar og dette er omlag det lavaste i forhold til andre sentralar som ein kan samanlikne seg med.

Rekneskapen for 1997 viste eit overskudd på kr. 130.000,- og det oppretta fondet var no på kr. 1, 1 million. For 1998 var det lagt opp til å nytte ein del av dette til nye datamaskin og nytt program til FAS., ny kartvegg og ny fax.
Det vert i dag utsendt alarmprøve kvar veke. Forskrifta legg opp til test 3-4 gonger per veke og dette er det svært få som gjennomfører. Reservealarm vert i dag ikkje testa i eit fast opplegg. Dette vil alarmsentralen utarbeide eit forslag til og sende det til høyring i kommunane.

Alarmsentralen ynskjer oversikt over ressursane i kommunane, både kommunale og private som kan tenkast å bidra i ein aksjon. På denne måten kan alarmsentralen vere til hjelp med utalarmering av ekstra mannskap eller utstyr. Brandsøy understreka at alarmsentralen ynskte ei best mogleg tilbakemelding under og etter aksjonar. Ved god tilbakemelding kunne dei foreta all skriving av rapportar.

Paneldebatt:

Søndag var avsett til paneldebatt og oppsummering der nokre av punkta var:
– Vegvesenet har bestemt seg for at alt PE-skum skal beskyttast, og sprøyting av gamle tunnelar er i gang.
– Arbeid med beredskapsplaner i Sogn og Fjordane er no i gang og før utgangen av 1998 skal Vegvesenet ha vore i kontakt med alle kommunane.
– Det ligg no inne forslag om utbetring av gamle tunnelar for 120 millioner kroner over ein 4-års periode.
– Brannsjefane bør få DBE saman med departementet og Vegdirektoratet til å lage ein felles mal for tunnelar.
– I tida framover vert det viktig å sjå på ulike samarbeidsformer, som f.eks. felles førebyggande avdeling/personell.
Utstillere: Utstillere på seminardagane var Dråger A/S, Racon A/S, ICAS og Hofstad. Vi takker desse for støtte til seminaret samt fagleg og sosial deltagelse.

 

Publisert: 08-07-1998

COMMENTS