Utrykkingsleiar som hadde vakt, fekk ikkje alarmen, han sat på eit kontor på teknisk avdeling i same bygning som brannstasjonen. Underteikna sat på kontoret på brannstasjonen, men her gjekk alarmen greit ut til meg og resten av mannskap og befal.
Kl. 15.40 var me på brannstaden med to befal og seks mannskap, brannbil og tankbil. Resten av styrken kom til fortløpande. Mange var på veg heim fra arbeid da dei fekk alarm. Brannstaden ligg fem hundre meter frå brannstasjonen, midt i Ølen sentrum.
Ved framkomst var det enorm røykutvikling frå 2. etasje. Nokre vindu og altandør var opne. Inngangsdøra var låst og det var eit kort øyeblikk uklart om det var folk inne. Rett etter var ankomst kom huseigar og me fekk bekrefta at det ikkje var nokon inne. Det vart raskt bestemt å prøva å komma inn med røykdykkarar. Kl. 15.45 sende røykdykkarleiar inn to dykkarar. Dei søkte i inngangspartiet, vidare opp trappegang til2.etasje og så til 3.etasje. Røykdykkarane melde om mykje røyk og enorm varme, men ikkje åpne flammar.
Me som var ute såg at det nerma seg ein røykgasseksplosjon, i tilegg vart det noko dårleg samband med røykdykkarane og røykdykkarleiar beordra dei ut.
Det vart og problemer med vanntilførsel da ein reduksjonsventil på vassverket ikkje fungerte som den skulle. Ca 30 sekunder etter at røykdykkarane kom ut, vart det overtenning. Flammane stod ut altandør og vindu i 2. etasje samt inngangsdør i 1. etasje.
Fleire røykdykkarar
Flammane vart slått ned med stråler gjennom vinduer. Me hadde fortsatt problemer med vasstilførsel og det vart beslutta å ta vatn fra sjøen i tillegg til tankbil.
Ølen brannvesen hadde nå 13 mannskap og 4 befal på brannstaden. Utrykkingsleiar som hadde vakt leia arbeidet på sjølve objektet , mens brannsjefen tok det overordna ansvaret i samarbeid med politiet. Det vart etter ei tid stort presseoppbud. Alt dette vart styrt gjennom brannsjefen.
Det vart på nyt prøvt med røykdykkarar i 1. etasje, røykutviklinga var enorm, men lite flammar å oppdaga. Me innsag at me kom til å komma i manko med røykdykkarar og kl.16.39 ba me 110-sentralen om å alarmera nabobrannvesenet. Me fekk bekrefta at dei var på veg og kl. 16.56 var dei på plass med 10 mannskap. Nokre av dei gjekk inn i lag med våre eigne mannskap, mens resten rigga eget opplegg fra sjøen.
Innsatsen no var å bruka røykdykkarar inne så langt det var forsvarleg utifra situasjonen og utvendige stråler gjennom vinduer og dører. Røykutviklinga var enorm og godt synleg i heile Ølen sentrum. Det samla seg 150-200 publikum.
Totalhavari
Ca kl.17.20 byrja stikkflammar å komma til synet i røyken, og me innsåg at det ville bli totalhavari på bygningen, i tilegg at dette ville bli ein lang innsats. Røykdykkarane vart trekt heilt ut på grunn av faren for samanrasing. Innsatsen besto no av 11 stråler mot bygget. Huset var på tre etasjer pluss loft, og det var vanskeleg å nå opp, og få til effektiv slukking. 10.17.30 oppmoda me 110-sentralen om snorkelbil for å
komma til ovanfrå. Kl.18.45 var snorkelbilen fra Haugesund på plass og det viste seg at det var rett å be om slik assistanse. Me hadde gjort klart vasstilførsel til snorkelbilen kom og me brukte bilen i tre timar. l tilegg brukte me 6-9 stråler fra bakken. Huset brann sakte ned, og fra kl.22.00 var det etterslukking.
Det var etterslukking og sikringsarbeid heile natta, og påføljande dag. Underteikna bisto politiet i etterforskinga dagen etter. Opprydding, avsperring og klargjering av utstyr pågjekk heile fredagen og Innsatsen var ferdig kl.18.00. Kl:15.00 fredagen overtok politiet ansvaret for objektet. Dei hadde vakt utplassert heile tida til etterforskninga vart avslutta i felt lørdag ettermiddag. Kripos bisto det lokale politiet på lørdagen. For å sikra bygget leigde dei inn kran som reiv dei to øverste etasjane. Brannårsak er ennå ikkje kunngjort frå politiet.
Kvifor kunne det gå så galt
Huset er 153 år gammalt, og det besto av underetasje, pluss tre etasjer i tillegg til loft. Huset er ombygd minst tre gonger. Det besto av 38 store og små rom. Huset er opprinneleg tømmerhus med masse hulrom og utforingar. Ingen delevegger eller etasjeskiller var isolerte. I ettertid fant me delevegger som det var fire lag med paneler på. Det skjedde ein kolosal forbrenning innvendig i huset, og det var vanskeleg å komma til utfra.
Ølen brann- og redningsvesen
Ølen kommune ligg fem mil aust for Haugesund. E 134 går gjennom kommunen og Ølen sentrum. Det er 3350 innbyggjarar i kommunen.
Ølen brann- og redningsvesen har brannstasjon i Ølen sentrum hvor det bor ca.1000 personar. Per dato er det 15 mannskap og fire befal ved stasjonen. Me har godkjent brannordning fra 1998. Brannsjef, varabrannsjef og to utrykkingsleirar går i vakt. Mannskapa er deltidspersonell som har lommemotakar. Me har felles forebyggjande avdeling med to nabokommunar. Det er og felles feiarvesen med dei same to kommunane. Stillingen for beredskapsavdelinga er på 33 prosent og vart delt mellom brannsjefen og underteikna.
På brannstasjonen er det ein førsteutrykkingsbil og tankbil. Tankbilen blir og nytta av to nabokommunar. Ved stasjonen er det ikkje redningsbil. Dei tjenestene får me fra Etne og Vindafjord brannvesen.


COMMENTS