Prosjektet ”Trekantsambandet”

HomeDiverse

Prosjektet ”Trekantsambandet”

Bømlafjordtunnelen går fra Stord (Føyno) mot Sveio og er ein del av prosjektet ”Trekantsambandet”, der øyane Stord, Fitjar og Bømlo knyter seg saman opp mot fastlandet som er Sveio mot Haugesund.

Bømlafjordtunnelen vert når den opnar i desember år 2000, Europas lengste undersjøiske tunnel med sine 7,9 km. Maks stigning i tunnelen er 8,5 prosent, 0,5 prosent meir enn vegnormalen 021, der maks stigning er 8 prosent. Årsdøgntrafikk (ÅDT) vert ca. 2500 bilar. Tunnelen vert bygt i tunnelklasse C.

Det er 16 havarinisjar og 5 snunisjar for tyngre kjøretøy. Brannslukkarar er plassert for kvar 125 meter og nødtelefonar for kvar 250 meter. Vatnforsyning i tunnelen er i alt 8 sisterner med kvar 8 kubikk, men det er ikkje trykkvatn slik at vatnet må sugast opp med pumpe.
Næraste brannberedskap til tunnelen er stasjonen i Leirvik sentrum på Stord (ca. 7 km vekke), med 7 mann på vakt i deltidsbrannvesen. Frå Sveio ligg stasjonen ca. 12 km vekke, der er det befalsvakt og 4 mann på innkalling.
Ved ein brann i tunnelen vil Stord brannvesen måtta takla dette grunna at røyken vil trekke frå Stord mot Sveio.

Prosjektets saksgang frå 1997 til i dag.

Alle redningsetatane kom tidlig med i ei gruppe som vegvesenet sette ned for å sjå på beredskapen i Bømlafjordtunnelen. I denne gruppa, som er ei rådgivande gruppe utan fullmakt, var Statens Vegvesen representert med to mann, kommunane med seks mann, fylket med ein mann og politiet med to mann.Gruppa var tidlig samde om kor høgt lista skulle leggjast i forhold til sikkerheten i tunnelen. Gruppa har minst 2-3 møter i halvåret med prosjektleiinga for prosjektet, der ein kan komma med innspel. Prosjektleiinga sa tidlig i prosjektet at dei var pålagt å gå etter vegnormalen 021, ein gamal forskrift internt for Statens Vegvesen for bygging av tunnelar (dei held på med ei revidering av forskrifta).

Pålegget kom i frå Vegdirektoratet som er styrt av Samferdselsdepartementet som igjen styres av politikarane på Stortinget.
Dermed var prosjektleiaren for prosjektet låst fast av byråkratiet og gruppa vart låst av forskrifta, og me kan ikkje få til løysingar på ein tenleg og god måte. Prosjektleiaren H. Schaatun har vert og er interessert i å få til ein sikker og god tunnel og ein god beredskap i kommunane, men no er byråkratiet i gang.

Førehandsvarsling om framtidig pålegg etter lov om brannvern § 25

Brannsjefane i Stord og Sveio har i brev til Statens Vegvesen varsla om at det med heimel i lov om brannvern § 25, vil koma pålegg om brannsikringstiltak når det gjeld beredskap og teknisk utrustning i Bømlafjordtunnelen når den er ferdig til å ta imot trafikk. Tunnelen vil såleis ikkje verta godkjent for allmenn ferdsel før nødvendige brannsikringstiltak og beredskap er på plass. Brannsjefane vil dela krava inn i to, der del 1 gjeld beredskap med materiell og utstyr, medan del 2 gjeld permanent teknisk utstyr.

Beredskap:

Brannsjefane i Stord og Sveio har vurdert situasjonen å vera slik at nåverande brannvesen ikkje er utrustet til å utføra redningsinnsats eller brannsløkking i Bømlafjordtunnelen med det materiellet ein har til rådvelde. Med andre ord er det slik at bilmateriellet i kommunane ikkje vil greia den belastninga tunnelen sin nedstigning medfører.
Brannsjefane vil difor påleggja tunneleigar den tilleggsberedskapen som er nødvendig for å ivareta branntryggleiken i tunnelen både når det gjeld teknisk utstyr og verneutstyr. Eigaren kan fritt velja å stå for beredskapsoppgåvene sjølv eller finna andre løysingar t.d. gjennom avtalar med lokale brannvern.

Tekniske installasjonar:

I tillegg til vegnormalen sine krav om sikringsutstyr i henhold til trafikkmengde/tunnelklasse, vil brannsjefane krevja følgjande sikringstiltak:
– brannalarmanlegg i heile tunnelen kopla opp mot varslingssentral.
– brannalarmanlegget skal ved alarm stengja innløpet til tunnelen frå begge sider og varsle trafikkantane på veg inn, og dei som er inne, med lys og tekst.
– ventilasjonsanlegget må vera i kontinuerlig drift med ein lufthastighet på minimum 1 meter/sek. mot Sveio.
– sjøsisterner skal setjast under trykk. Dette kan kompenserast med anna beredskapsmateriell.
Sidan lov om brannvern gjeld eksisterande konstruksjonar, vil det ikkje vera mogleg å gi pålegg om sikringstiltak før tunnelen er ferdig. Av den grunn er det heller ikkje mogeleg å få behandla mogeleg klaga på slike pålegg før vedtaka er fatta.
Brannsjefane er elles klar over at vedtak om slike brannsikringstiltak kan føre til forseinkingar og til store ekstra kostnader om tiltaka ikkje blir utført før ferdigstilling. Sett frå ein sikkerhetsmessig synsstad vil brannsjefane i Stord og Sveio likevel måtta gi slike pålegg.

Eit godt råd

Eit godt råd til alle kommunar som får nye tunnelar i sin kommune er at når prosjektet er oppe til handsaming i kommunen, må kommunestyret setja krav til prosjektet før ei eventuell godkjenning vert gjort slik at alle krav vert innfridd før godkjenning av prosjektet vert gjeven. På dette grunnlaget slepp alle brannsjefar å arbeida mot eit byråkrati, då kravet vert gjeven før bygging (som kjent er det ikkje i dag underlagt plan- og bygningsloven).Når det gjeld ekstra beredskapsutstyr for kommunane på grunn av eit nytt og stort risikoobjekt, må det leggjast inn midlar til dette i prosjektet. Statens Vegvesen må forskottere dette i første omgang og deretter må det leggjast inn i bompengane til alle brukarane av tunnelen. Dette tror eg alle trafikantar er samde om for å få ein trygg og god tunnel å ferdast i, men ein kan ikkje sikra oss mot alt.
Prosjektet ”Trekantsambandet” kostar 1,8 milliarder kroner og ein halv prosent av kostnaden på prosjektet til sikring og beredskapsutstyr hadde vert 9 millioner kroner. Eit lite tankekors er det når det vert sett av opp mot 10 prosent av byggjekostnaden til utsmykking av andre offentlege bygg.

Fylkesmannen i Hordaland har på bakgrunn av usemja mellom vegstyremaktene og brannvernansvarlege i kommunane om tryggleiken i tunnelar, i et brev til Kommunaldepartementet og Samferdsledepartementet bedd om at det blir en snarlig avklåring med hensyn til ansvarsdelinga mellom staten og kommunane. Fylkesmannen pekar i brevet på at svært mange brannsjefar sit med eit ansvar som dei ikkje er budde på å handtera dersom ulykka skulle vera ute. Samleis sit vegkontora i ei klemme ved at dei ikkje kan gje konkrete svar på spørsmål som kommunane kjenner som svært presserande. Dersom det er rett slik me har oppfatta det, er det semje om at Staten har eit ansvar – og om at ansvaret er avgrensa til den meirrisiko og meirbelastning som objektet/tunnelen påfører lokalsamfunnet, skriver

Fylkesmannen

Til slutt vil eg få støtte brannsjef Terje Rosen i Søndre Follo sin uttalelse i forrige ”Brannmannen” om at støtten frå personar i DBE har vore liten i sakar om tunnelar. Det har vi også erfart i denne saka. 

Publisert: 07-09-1999

COMMENTS