Plenklipp og sauer skal hindre ny storbrann

HomeForebyggende

Plenklipp og sauer skal hindre ny storbrann

Brannsjefen i Lærdal ber folk om å klippe plenane sine før vinteren kjem. Målet er å gjere det vanskelegare for ein eventuell ny brann å spreie seg.

Høgt gras og hageavfall var ei medverkande årsak til at flammane spreidde seg så raskt som dei gjorde under Lærdalsbrannen i januar. Brannsjef Gaute Johnsgaard har difor ei oppmoding til innbyggjarane.

– Erfaringane vi gjorde oss under brannen var at vi såg at på marker og i hagar som ikkje var stelte, der fekk brannen lett tak. Difor ber vi om at folk som eit førebyggjande tiltak ryddar i hagar og på marker slik at vi unngår at vi får ein slik situasjon att.

På eit jorde berre eit steinkast unna dei verneverdige husa på Lærdalsøyri beitar ein flokk med sauer.

– Dette er brannsikringssauer, eit nytt fenomen vi har pønska ut her i Lærdal, seier landbrukssjef Magnhild Aspevik.

Ho fortel at lærdølene har vorte ekstra forsiktige etter brannen. Sauene dei har sett i sving er til uvurderleg hjelp i kampen mot graset.

– Sauene er fantastiske beitedyr, her kan vi slå to fluger i ein smekk. Vi får utnytta ressursane, og vi får redusert brannfaren vesentleg her bak gamle Lærdalsøyri.

COMMENTS