Oppgitt over dårlig utstyr

HomeMateriell/Stasjoner

Oppgitt over dårlig utstyr

Fem brannmenn i Kviteseid i Telemark sa i april opp stillingene sine på grunn av for dårlig utstyr.

– Fire nye oppseiingar kjem i løpet av dagen. Det kan eg stadfeste, sa utrykkingsleiar Atle Andersen til Varden. Han er ein av dei tilsette som takkar for seg. Andersen har arbeidd som brannmann i Kviteseid gjennom 20 år.
– Me gidd ikkje meir. Beredskapen i dag er ikkje forsvarleg. Me har ikkje samvit med å halde fram med eit slik tilbod til innbyggjarane i Kviteseid, legg Andersen til.

Brannbilen på 27 år er sliten. Det har opprørt brannmannskapet på 16 at politikarane ikkje har teke grep for å betre på situasjonen.
I oppseiingane klagar dei tilsette også over andre forhold, mellom anna kritikkverdige garderobeforhold.

Ordførar Torstein Tveito stadfester at han ser alvorleg på situasjonen.
– Brannsaka vil kome opp i samband med budsjettrevisjonen i mai, seier Torstein Tveito.

COMMENTS