Nytt liv som mjølkebil

HomeMateriell/Stasjoner

Nytt liv som mjølkebil

Etter åtte år og 400.000 kilometer langs vegen, har mjølkebilen fått nytt liv som brannbil.

Brannsjef i Stryn, Jarle Drageset, er godt nøgd med den nye bilen. Det er ein Scania 2003-modell som i mange år har henta mjølk hos bønder i fylket. Den gamle tankbilen som brannvesenet har, er 25 år gammal. Dei har hatt den i 10 år og no var det på tide å skifte den ut.
– Vi har halde liv i den, men då vi fekk tilbod om ein ny så slo vi til.
Har gått over 400.000 km

Det er ikkje første gong at kommunen får tak i ein tidlegare mjølkebil. Begge dei to førre tankbilane har vore mjølkebilar før.
– Bilar som er utrangerte for Tine, kan fungere godt for oss dersom dei er i bra stand.
– Men Tine vil ikkje ha den lenger, er den då god nok for dykk?
– Ja, det er den. Den har gått 400.000 kilometer på åtte år. Det blir 50.000 km i året. Som brannbil går den vel ikkje eingong 1000 kilometer. Brannbilane her står mykje i ro. Vi kan tole ein bil som har gått langt, dersom den har blitt halden i orden, fortel brannsjefen.

Har spart halvannen million
Stryn kommunar har spart store summar på å byggje om i staden for å kjøpe nytt.
– Vi har til saman brukt om lag 500.000 kroner. Skulle vi kjøpt ein heilt ny, så måtte vi ut med i alle fall to millionar kroner.
Det er Vidre, som er tidlegare Vest Karosseri, som har teke på seg jobben med å byggje om frå mjølkebil til brannbil. Det er mykje som er fjerna og mykje som er nytt.
– Det var jo reine datamaskina bak i bilen, som hadde med mjølkestyringa å gjere. No har vi fått sett inn ny pumpe, lakkert den gul og fått sett på sirene og blålys.

Med plass til 15.000 liter vatn på tanken, blir den også brukt som reserve vassforsyning. Dermed kan den gamle mjølkebilen igjen ta plass ved fjøsa.
– Vi har av og til bønder som mistar vatnet sitt, og då fyller vi opp tanken og køyrer ut til bøndene som at dyra får vatn.
Vil gi vekk den gamle
Drageset har eit håp om å bli kvitt den 25 år gamle bilen som dei har i dag.
– Den er jo brukbar, så eg har tilbydd den for ein rimeleg penge til ein nabokommune som har ein som er endå dårlegare enn den vi har, seier han.

COMMENTS