Interkommunalt samarbeid innan brannforebyggjande arbeid

HomeForebyggende

Interkommunalt samarbeid innan brannforebyggjande arbeid

Nordhordaland er den nordlegaste delen av Hordaland fylke med kommunane Austrheim, Fedje, Lindas, Meland, Masfjorden, Modalen, Radøy og Osterøy. Saman med Gulen i Sogn og Fjordane er det i regionen om lag 38.000 innbyggjarar.

Bakgrunnen for å vurdere eit slikt samarbeid var resultat av eit forprosjekt om brannvernsamarbeid i Hordaland som var utført i regi av Samarbeidsradet for Bergen og omland og Regionrådet for Nordhordaland der også Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (DBE) deltok.

Årsaka til at dette forprosjektet starta opp var endringane i regelverket med krav i forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen med krav til både den brannforebyggjande og til den beredskapsmessige delen med fastsetting av tal mannskap i hove til innbyggjartalet og krav til kompetanse.

Forprosjektet tilradde ei oppfølging innan regionane der tettare samarbeid vert vurdert og gjennomført.
Brannsjefane i regionen Nord-Hordaland inkludert Gulen unnateke Osterøy arbeidde vidare med prosjektet med sikte på i første omgang å få til ei felles førebyggjande avdeling. Arbeidet enda opp med ei tilråding til kommunane om å byggja opp ei slik avdeling med følgjande organisering og styremåte:

Lindås kommune, som er den største kommunen regionen med 12.500 innbyggjarar, står som vertskap for avdelinga som da vert ein del av Lindås og Meland brannvern og med dette brannvernet sin fast tilsette brannsjef som ansvarleg for avdelinga. Lindas kommune får arbeidsgjevaransvar for dei tilsette ved avdelinga. Brannsjefane i dei einskilde kommunane fastset i fellesskap arbeidsområde og innehald i det avdelinga skal arbeide med.

Dei kommunane som er med i ordninga betalar for tenesten til vertskommunen basert på folketal og det mannskapskrav som ligg i dimensjoneringsforskrifta for førebyggjande brannvernavdelingar i den einskilde kommune. Budsjett vert sett opp i fellesskap av brannsjefane og dette vart da godkjend i den einskilde kommune i samband med vanlege budsjettrutinar. Forvaltninga av lovverket ligg framleis til den einskilde kommune. Oppretta avdeling vil utføre pålagde brannsyn og gi råd til kommunane om kva tid
tvangstiltak skal nyttast. Det er den einskilde kommune som gjer forvaltningsvedtaka.
I sluttforhandlingane om innføringa av samarbeidet, trekte kommunane Radøy og Fedje seg da dei mente- at dei kunne gjere arbeidet sjølv til rimelegare pris.

Alle krav oppfylde

Dei seks kommunane som nå er med i samarbeidet har i alt om lag 25.000 innbyggjarar.
Det er tilsett tre personar medrekna ein leiar for avdelinga. Alle støttar krava om kompetanse og praksis. Krava i føresegnene om brannforebyggjande kompetanse med naudsynde ressursar i den einskilde kommune er oppfylt.
Avdelinga byrja sitt arbeid 1. september i 2000 og har bruka tida til blant anna a gjera seg kjend i regionen.
Brannsjefane har i fellesskap laga til ein årsplan for året 2001. I denne er aktiviteten med prioriteringar fastlagd.
Det er her viktig at alle kommunane får tilført dei dagsverk som folketalet tilseier slik at ingen kommunar får bedre tenestetilbod enn andre.

Budsjettet for avdelinga er i år på 1,435 millionar kronar. Dette er om lag kr. 57 per innbyggjar. Årsplanen er lik for alle kommunane. Det er og laga ein enkel arbeidsplan for kvar månad i året og da med ein rapporteringsdel for kva som er gjennomført i hove til godkjend plan. I det arbeidet som avdelinga skal gjere, vil det bli lagd stor vekt på motivasjon- og opplysningsarbeid. Alle skular og barnehagar skal vitjast med undervisningsopplegg for skulane i 1. og 6. klasse. Dei eldre vil få opplæring via eldreforeningar, pensjonistforeiningar m.m. Alle innbyggjarar vil få generell informasjon om brannførebyggjande tiltak.
Brannsjefane i dei kommunane som er med har stor tru på at denne avdelinga gjennom sitt arbeid både skal få byggeeigarane av § 22-bygg til a ta godt vare på sine bygg samt at alle innbyggjarane i kommunane kan bli opplært til å passe på slik at brannar ikkje oppstår og at dei mål som er sett i Stortingsmelding nr. 15 kan oppnåast.

Neste trinn i samarbeidet er å få dei resterande kommunane med i samarbeidet samt å få til ei felles feiarteneste lagd til brannførebyggjande avdeling. Dei største kommunane, Lindas og Meland har alt felles brann og feiarvesen. Det vil vera naturleg å freista byggja ut denne til å gjelda alle kommunane i regionen.
 

Publisert: 05-01-2001

COMMENTS