Jernfjelltunnelen er 2390 meter lang med ca. 8 prosent stigning. Det er ikkje brannventilasjon eller radiosamband i tunnelen. Dette vanskeliggjer innsats for redningsetatane.
26. september vart det gjennomført ei større øving i tunnelen. Casen var ein buss med skuleelevar frå ein skule i Gulen som skulle på symjing i eit basseng på Matre i Masfjorden. I nederste delen av tunnelen, kjem ein personbil over i motsett køyrebane, og bussen endar i fjellveggen. Katastrofa er eit faktum!
AMK-Førde får melding pr telefon frå ein trafikant i tunnelen (er mobildekning der). AMK-Førde sender redningsalarm til Gulen og varslar så AMK-Bergen, som sender redningsalarm i Masfjorden. Tilsaman 44 mann frå brannvesenet rykker ut frå 7 stasjonar, i tillegg kjem 6 ambulansar, 5 politi frå lokalt lensmannskontor, samt 4 kommunelegar frå Gulen og Masfjorden.
Utfordringar som vart avdekka
Tunnelen ligg som sagt på grensa mellom to fylker. Den ligg i eit politidistrikt, under ein 110-sentral, men i grenseområdet mellom to helseforetak. Konkret betyr dette at den eine enden av tunnelen ligg innanfor Helse Førde sitt distrikt, medan den andre enden ligg i Helse Bergen sitt distrikt. Dette i tilegg til at ein ikkje hadde samband i tunnelen, gjorde samhandlinga svært utfordrande.
Det var også lagt inn eit element med brann i eine personbilen som var innblanda. Denne var, øvingsteknisk, plassert i øverste enden av tunnelen. Dette med bakgrunn i at me ville legga til rette for ein søk, redde, slukkeinnsats i nordenden av tunnelen innanfor innsatsnivå 1, men også fordi me frykta at røyken ville trekka nedover i tunnelen og såleis ødelegga redningsøvelsen i bussen.
Det viste seg utruleg nok, at sjølv om tunnelen har ein bratt stigning og alle teoriar om termiske strømningar skulle tilsei at røyken steig opp, seig røyken nedover i relativ stor hastigheit. Sjølv om vegtrafikksentralen etter melding om at det brann i ein av bilane, starta viftene i tunnelen (som ikkje kan definerast som brannventilasjon), kunne ein etter ei stund kjenna røyken over 2 km lenger nede i tunnelen. Om hendinga hadde vore reell, og den brennande bilen hadde vore i nærleiken av bussen, ville dette fått katastrofale konsekvensar for dei tilskadekomne og innsatsen for redningsmannskapa.
Kommunane vil ta kontakt med statens vegvesen med anmodning om å få på plass både brannventilasjon og radiosamband i tunnelane i området. Dette er heilt naudsynt dersom ein skal vera i stand til å gjennomføra ein redningsinnsats i tunnelane dersom ulukka skulle vera ute.


COMMENTS