Brannen i Herøy kyrkje

HomeBrann

Brannen i Herøy kyrkje

Natt til 2. juledag gjekk Herøy kyrkje tapt i brann. Etter oppmoding om meir innsyn i saka vil eg i det etterfylgjande prøve å belyse litt om denne tragiske hendinga og ramma rundt.

Herøy kommune er ei kyst- og fiskerikommune i Møre og Romsdal med litt over 8000 innbyggarar der ca. 3000 bor i og rundt tettstaden Fosnavåg. I kommunen var det inntil 2. juledag i 1998 til saman tre kyrkjer, alle oppført i tre rundt århundreskiftet. Den eine av desse kyrkjene var Herøy kyrkje like ved Fosnavåg sentrum.
 

Brannvernet

I 1952 vart det skipa brannstyre i kommunen og utarbeidd planer for brannstasjon med tilbehør, herunder også kjøp av eit eksemplar av «Kampen mot eiden».
Ny brannlov i 1970 innebar mellom anna utarbeiding av brannordning som skulle godkjennast av sentrale tilsynsmyndigheiter (SBI). I perioden frå 1975 vart det etter påtrykk frå SBI, og seinare DBE, utarbeidd fleire forslag til brannordningar for kommunen, men ingen av desse fekk nødvendig politisk tilslutning og budsjettmessig avklaring før i juli 1998. Beredskapen i kommunen var i denne perioden basert på én person i kontinuerlig beredskap og frivillige mannskap. Revideringane innanfor brannlovgjevinga innebar dessutan at ein måtte innsjå at ein ikkje hadde egna utstyr eller personell til å drive røykdykking på forsvarleg måte. Hausten 1998 starta oppgraderinga til det som skal bli faste vaktlag med røykdykkerkompetanse i brannvernet ved inntak og opplæring av ca. 15 nye personar. Tanken var at desse etter kvart skulle inngå i beredskapen og erstatte dei som etter mange års teneste no hadde bede om avløysing. I tillegg til ein del suppleringar på utstyrsida vart elles beredskapen i kommunen utvida frå ein til to personar seinhaustes 1998. Dei som hadde venta i mange år på ei oppgradering av beredskapen følte at det no var ei løysing i sikte.

Det forebyggande arbeidet

Etter ein del kyrkjebrannar rundt om i landet vart det i 1992 utarbeidd ein oppgraderingsplan for kyrkjene i kommunen. Planen innebar store og små sikringstiltak i alle kyrkjene herunder også oppgradering av lynvern- og varslingsanlegg. Kostnadane vart for alle tre kyrkjene i kommunen stipulert til ca. kr. 590.000.
Grunna store vedlikehaldsarbeid på kyrkjene vart det imidlertid ikkje gjeve eigne løyvingar til sikringstiltak. Under dei årlege prioriteringane av driftsbudsjettet vart det imidlertid kvart år også funne rom til nokre sikringstiltak. Etter mange års stillstand i det forebyggande arbeid kom såleis no på plass slokkemiddel, telefon, nye elektriske inntakstavler og brannsikre skap i alle kyrkjene. I tillegg til dette fekk ein i gang eit samarbeid med det kyrkjelege personellet som innebar forståing av brann, brannøvingar og etter kvart også instruksar.

Dette arbeidet fekk mellom anna som resultat ein meir forsiktig bruk av levende lys i kyrkjene samstundes som det vart etablert ein viss vaktberedskap ved utgangane. Dessutan vart det lagt opp til fleire gudstenester i staden for overfylte kyrkjer som eit resultat av dette samarbeidet. Under den siste befaring/brannsyn i kyrkjene i september 1998 vart desse tiltaka prioritert:
– formalisering av organisatoriske roller med utgangspunkt i utarbeidde instruksar.
– Branndokumentasjon og internkontroll.
– Alarmanlegg. Innhenting av vurderingar/kostnadstal til neste gjennomgang.
– Elektriske anlegg. Tilstandsvurdering tilrådd for oppgradering av eventuelle dårlege/usikre løysingar.
Tross noko tronge økonomiske rammer så synes utviklinga i det forebyggande arbeidet å gå i rett retning.

Siste brannøvinga

Den 16. desember vart det heide øving for det kyrkjelege personellet på brannstasjonen der ein mellom anna fekk prøve bruk av pulverapparat. Etter dette vart øvinga flytta til Herøy kyrkje der ein såg på plasseringa av slokkeutstyr, og prøvde brannslangane i bygget. Øvingsinnhaldet vidare gjekk på tenkte problemstillingar som kunne oppstå og rollefordeling dersom ei fullsett kyrkje måtte evakuerast. Vidare så drøfta ein tiltak som skulle hindre at det oppstod panikk og blokkering av utgangane. Ein var og innom foreståande rakettoppskyting og skadene som kunne oppstå som fylgje av dette. Deltakarane på øvinga synes engasjerte og motiverte og tonen var lett. Etter dette gjekk kvar og ein til sitt i den tru at ein var forebudd på dei tenkjelege situasjonar som kunne oppstå.

Brannen 23. desember, kl. 18.00: Av- og påtroppande vaktpersonell ønskte kvarandre god jul på brannstasjonen.
26. desember, kl. 02.00: lett regn og svak bris høyrest i mørket og lite trafikk på vegen i.f.t. det som er vanleg. julefreden har senka seg.
kl. 02.00 – 02.03: Vaktsentralen i Åleund får melding om brann i Herøy kyrkje og vidaresender denne som stor alarm til vakthavande for brann og politi.
kl. 02.08: Vakthavande for brann bed sentralen i Ålesund sende ut ny stor alarm.
kl. 02.10 – 02.20: To mann rykkjer ut frå brannstasjonen på Eggesbønes og er framme ved brannstaden etter få minutt. Syv av dei øvrige mannskaps kjem til dei næraste minutta.

Kraftlaget og presten som bor like ved kyrkja, vert varsla om brannen.

kl. 02.15 – 04.30: Røyken siv ut gjennom opningar i kjellar og kryperom, men ingen synleg eid å sjå. Ein kan konstatere at dørene i kyrkja er låste, dvs. at brannen lite truleg er påsett. Mannskap startar opning av kjellardør med verktøy frå vaktbil og slangeutlegging vert prioritert. Den gamle tredøra som i andre samanhengar har vore sett på som ein usikkerheitsfaktor er vanskeleg å bryte oppnokre minutt går med til dette.

Når døra går opp, veltar tjukk røyk ut og det er umogeleg å ta seg inn utan verneutstyr. Eit røykdykkersett av eldre type i brannbilen vert henta og ein person prøver å sløkkje med augekontakt frå døra. Gjennom røyken kan det konstaterast at det er brent hol i golvet i området rundt alterringen. Ein del av den svartbrende golvkonstruksjonen heng alt ned i kjellaren. lydar frå brennande treverk høyrest.
Også dør til prestesakristi vert broten opp, og ein kan observere flammar i området ved preikestolen. På motsatt side vert dåpssakristi brote opp, men røykintensiteten er sterkare her og ein må trekkje seg attende. Også døra på nordsida vert brote opp og det vert gjort forsøk på slokking frå døropning. Presten kjem til og opnar hoveddør til våpenhus. Også dette er fylt med røyk. Etter å ha fått opna neste kan konstaterast at heile kyrkjerommet er fylt med røyk.

Det vert ca. kl. 02.30 teke kontakt med vaktsentralen og bede om å få bringa røykdykkarar til staden med ambulansehelikopter frå Ålesund ettersom ein ansåg dette å vere raskest mulege hjelp. Opplegget vert i fyrste omgang bekrefta, men ei stund seinare (10 – 12 minutt) kjem melding frå vaktsentralen om at værforholda ikkje tillet helikopteret å lette. Transport av røykdykkarar med Sea King redningshelikopter er alternativet, og dette har behov for ca. ein time før det kan ta av frå flyplassen. Dette vanskeleggjør situasjonen og muligheitene ytterlegare, men i samråd med politi vert helikopteret rekvirert. I tillegg vert røykdykkarar frå nabokommunen Ulstein, ca. tre mil unna brannstaden, rekvirert.

Mannskapa kjempar mot elden med brannslangar i døropningane medan røyken veltar ut. Elden er i ferd med å få feste i treverk og holrom og innsatsen er klart i grenselandet for det mannskap er utrusta for. Kontinuerleg oppsyn med mannskap og uvedkomande si sikkerhet vert prioritert.
Tragedien er nådd media og fleire av desse kjem inn på vakttelefonen for å bli orientert til neste dags nyheiter. Sjølv om det er midt på natta så samlar folk seg i hundretal på parkeringsplassen ved kyrkja for å fylgje utviklinga på nært hald. Heile spekteret av menneskelege følelsar vert slept laus og spelar opp i folkemengda.

Ca. kl. 03.30 kjem eit lag røykdykkarar frå nabokommunen til brannstaden og prøver å ta seg inn døra på austsida, men må gi opp då ei lysekrone frå taket losnar og landar like ved den eine. Eit røykdykkarlag frå «KNM Ålesund» gjer like etter eit tilsvarande forsøk ved den venstre inngangen, men må også gi opp. Brann i golvet gjer vidare innsats uforsvarleg. Sea King-helikopteret med røykdykkarar frå Ålesund kjem og til, men heller ikkje dei kan måle krefter med brannen no.

Brannen aukar i intensitet og bryt gjennom takflata i området ved alterringen. Samstundes høyrest knitringa i tårnet i andre enden av kyrkja der røyken no veltar ut. Elden har kome seg over gjennom holrommet mellom tak og himling. Ingenting kan no stoppe brannen. Ved ca. kl. 04.00 vert naboar varsla og innsatspersonellet trekte seg lenger frå bygget og den intense strålevarmen. Vegen til Fosnavåg like ved kyrkja vert stengd i begge retningar. like etter er kyrkja overtend og gnistregnet står rett til vers og blir ført med vinden i retning av nærliggande bebyggelse og vegetasjon. Sjølve kyrkjetårnet ramlar inn i kyrkja og ikkje inn på vegen som ein ei stund kunne frykte. Ein unngår dessutan at nye brannar startar. Det er rekvirert tankbil i tillegg til eigne resursar for å slå ned flammane og etter ei stund gjekk innsatsen over i etterslok- king. Våte og slitne mannskap fekk avløysing. Nokre få gjenstandar og det nye brannsikre skapet vart teke ut. For øvrig var skaden total.

Brannårsak

Saka har vore etterforska av politiet på vanleg måte og med bistand frå Kripos. Sjølv om dette arbeidet enno ikkje er avslutta, så er det elektriske anlegget sentralt i undersøkinga. Den elektriske tavla for bygget var elles plassert i underetasjen i det området som det tidlig vart registrert brann.

Tankar i ettertid

Etter alle tragediar vil ein i ettertid stille spørsmål om korleis dette kunne skje og kanskje også burde vore unngått. Så også i dette tilfellet. For brannmannskapa vil dette vere eit spørsmål om korleis ein disponerte eigne og tilgjengelege resursar i forhold til det skadeomfang ein fekk. Ein slik gjennomgang av brannen like etter at innsatsen var over, har ein også hatt denne gangen utan at det framkom spesielle moment om prioriteringar undervegs som kunne ha gitt eit anna utfall. I denne vurderinga er det for øvrig lagt til grunn til at røykdykkar- resursane til kystvaktskipet «KNM Ale- sund» som låg i Fosnavåg under brannen, ikkje var kjende korkje av brannvernet eller politiet som var tilstades. Ved å legge inn ynskjelege føresetnader og resursar som ville ha vore til hjelp, men som ikkje var tilstades denne gongen, er det imidlertid fullt mogleg å kome til ein anna konklusjon. Nokon har og gjort det.

Farvel og gjenreising

Nyttårsaften 1998 vart det i staden for den tillyste midnattsgudteneste i kyrkja eltes teke farvel med den nedbrende kyrkja framfor ein stor skare med faklar. Ei nemnd for gjenreising av kyrkja er og valt og i ferd med å ta fatt på sitt arbeid å planlegge ei ny kyrkje som er minst like fin som den gamle, men som i tillegg skal vere mykje meir brannsikker.

 

Publisert: 06-01-1999

COMMENTS