Med brannbilpumpe på Harley

HomeDiverse

Med brannbilpumpe på Harley

Førsteutrykkingsbilen i Sykkylven brann og redningskorps er fra 1981. Denne har gått jamt og trutt sidan den kom til Sykkylven og fekk sin "Elddåp" ved brannen ved Hjellegjerde Møbler i 1981. Bilen var på det tidspunktet ikkje utrusta enda, men pumpa var i orden.

På vårparten i år vart det kjent for oss i brannvesenet at pumpa i denne bilen ikkje fungerte heilt tilfredstillande og at eit mogeleg havari av denne kunne vere nært foreståande. På grunn av at det i Sykkylven berre er ei mannskapsvogn med tank og pumpe var det viktig med kortast mogeleg tid der denne bilen var tatt ut av utrykking som pumpebil. Det vart difor gjort avtale med Braco i Lierskogen om gjennomgang av denne bilmonterte pumpa.

På ettermiddagen 2. pinsedag vart pumpa tatt ut av brannbilen, skrudd fast i tilhengar og klargjort for transport. Det vart valt motorsykkeltransport av denne brannbilpumpa. Årsak til slik transport var at gjennom arbeid i brannvesenet blir ein med stor MC-interesse ikkje alltid tilfredstilt. Med nyinnkjøpt tilhengar dette åretkom denne transporten som bestilt for ein brannmann med motorsykkelinteresse. Køyretøy som vart nytta var ein Harley Davidson Road King.

Transporten starta denne kvelden med avreise Sykkylven vidare gjennom Romsdalen til Dombås. Her vart E6 følgt til Oslo, vidare E18 til Lierskogen. På turen gjennom Romsdalen vart det gjort ein liten stans ved rasteplassen ve Trollveggen. Her nytta ein hove til å køyre opp på vekta til biltilsynet, vogntogvekt vart da 650 kg. Fra Hamar og sørover kom natta for alvor, det medførte at farta vart sterk redusert på grunn av mykje omtalte elgkollisjonar. Store dyr var det lite å sjå langs vegane denne natta. Framme ved Braco om lag kl 03.00 denne natta. Det vart da slappa av litt, fråkost vart inntatt i det dagen starta.

Rask service
Braco opna verkstaden sin kl. 07.00. Kort tid etter dette vart arbeidet med demontering av pumpa starta. Feil vart etter kort tid funnen, og alle delar var tilgjengeleg. Etter total demontering og reingjering vart arbeidet med oppattbygging starta. Etter litt kvild på ettermiddagen vart det tur til Oslo og Aker brygge på kvelden for mat og drikke. Dette vart ein fin tur med god mat, godt selskap, god drikke og fint ver.
Neste dag fekk ein delta på temadag ved Braco. Denne vart gjennomført av firma Group Leader som gjennomgjekk i teori og praksis røykgassvifter og strålerør.

Etter lunsj vart pumpe montert på tilhengaren att. Etter fotografering av ekvipasjen starta heimturen i finveret. Heimturen gjekk svært fint. Dei 59 mila vart gjennomført på 7 timar med eit stopp på Vinstra for fylling av bensin på sykkel og vatn i sjåføren.
Ved framkomst i Sykkylven starta monteringsarbeidet med ein gong. Dette gjekk utover denne kvelden. Kl. 01.30 vart arbeidet avslutta etter at pumpe vart testkøyrd.

Dette oppdraget vart løyst på om lag to døgn og på ein svært triveleg måte.

 

Publisert: 04-07-2002

Newer Post
Older Post

COMMENTS