Råvara til produksjonen kjem i flytande form og vert lagra på tankar plassert på utsida av produksjonsavdelinga. Desse tankane er tilkopla dampkjele for å halde parafinen flytande. Ferdigvare er lagre i høgreolar i lageravdelinga. Bedriftsleiinga opplyste at dei hadde nerare 1000 tonn ferdigvare på lager når brannen starta, i tillegg til ein del vrak lagra på utsida av bygningen.
Seljord brannvesen er eit innkallingsbrannvesen med i alt 16 mann. Ein person har radiovakt til ei kvar tid. Resten av mannskapet vert alarmert via personsøkjar. Brannvesenet disponerar Mercedes Atego brannbil 2000 modell med 2500 liter vasstank og skumtank på 200 liter, samt Scania 111 tankbil med 10000 liter vasstank.
Seljord brannvesen mottokfull alarm fra Skien brannvesens 110-sentral kl. 03.45, 28. august. Meldinga gjekk ut på at ein nabo hadde observert eit bål på plassen utanfor fabrikken. Brannvesenet rykte ut med alt mannskap og var på staden 8 – 10 minutter seinare. Brannstaden ligg om lag 300 meter fra brannstasjonen. 110-sentralen mottok AL-tel alarm fra bedriften kl. 03.56. Det tyder etter alt å dømme at brannen starta utanfor bygningen.
Stor varmeutvikling
Ved framkomst møtte vi omfattande brann i pallar og vraklys og råvareblokker utanfor lagerhallen. Varmeutviklinga var stor og vi måtte taka oppstilling eit stykke unna flammene. Likevel måtte vi etter kort tid flytte den neraste bilen slik at den vart skjerma av eit skogholt. Vinden gjekk til alt hell i ei retning der avstanden til bygningar er størst. Ein bensinstasjon 200 meter unna vart ei tid stengd for salg av bensin. Skumlegging på stasjonsomradet vart vurdert, men ikkje gjennomført. Av erfaring fra tidlegare brannar ved fabrikken (den brann heilt ned i 1978, lageret brant ned i 1996) vart det fort klart at vi hadde behov for hjelp.
viteseid brannvesen vart alarmert straks etter framkomst og etter kort tid vart Bø og Notodden brannvesen rekvirert, samt FIG. Køyreavstand fra Kviteseid er 17 – 18 km, fra Bø 28 km og fra Notodden 60 km. FIG stilte med grupper fra Seljord, Bø og Notodden. I tillegg fekk vi god hjelp fra Seljord Røde Kors Hjelpekorps som vi har godt samarbeid med, ikkje minst med å syte for mat og drikke, ein viktig funksjon. Korpsets hus ligg «på orkesterplass» bare 100 meter fra brannstaden. Det vart for skadestadleiinga fort klart at oppgava vi stod overfor var å avgrense omfanget av brannen. Lagerhallen stod ikkje til å redde. Vi måtte konsentrere oss om å redde to bustadhus, eit kontorbygg, naboindustribygget og produksjonshallen samt to lagertankar for parafin, innhald 200 tonn. Med så mykje ressursar kunne vi ha innsats på alle desse objekta samstundes.
Trass i at veggen i lageret var utført i klasse A 120 tok det etter kvart fyr i naboindustribygget, ein trebygning. For å redde den delen av dette som var i bruk, valde skadestadsleiinga å rive mellombygget som stod tomt. Tilfeldigvis stod det parkert ein stor gravemaskin i nerleiken som vart rekvirert. Denne avgjerda redde garnsenteret som er lokalisert ner lagertankane og produksjonsavdelinga. Vindretninga var slik at ein brann i produksjonsavdelinga lett kunne antent bustad husa.
Sikret med brannvegg og skumanlegg
Kva med brannsikringstiltak i bedriften? Lagerhall og produksjonsavdeling er skilt med brannvegg. Med hjelp av kontinuerleg kjøling fra taket redda denne brannveggen produksjonsavdelinga. Bedriften hadde montert automatisk skumanlegg. Dette anlegget startar automatisk når to brannmeldarar går i alarm og startar fylling av lokala med skum. Kapasiteten skal vera slik at lageret er fylt med skum etter 5-10 minutter. Det er på det reine at motoren var i gang, men det er for underteikna ikkje stadfesta at det leverte skum? Storleiken på brannen gjorde at det var behov for mykje ressursar. Tre nabobrannvesen og FIG vart difor, som nemnt, rekvirert. Mangelfull kommunikasjon gjorde det vanskeleg for skadestadleiinga å ha full oversikt over mannskap og innsats til ei kvar tid.
Stearin rant ut og tetta avløp
Stoffet som var i brann, parafinlys, smeltar og flyt utover. Vatn som slokkjemiddel
er ikkje det beste, men mengde skum på lager er alt for lite til å kunne stoppe ein så intens brann, ikkje minst fordi mykje brennbart stoff etter kvart vart dekt til av nedramla stålplater fra veggar og tak. Eit anna problem som oppstod for teknisk etat, var at smelta parafin rann inn i avløpssystemet der det etter kvart størkna. Parafinen nådde heilt fram til hovudrenseanlegget. Det vart gjort forsøk med å rense ledningsnettet med damp. Dette var lite vellukka, og teknisk etat måtte tilslutt leggje ny over 100 meter 400 mm hovudavløpsledning samt ein del stikkledningar.
Det vart sett ned ein mellombels pumpestasjon for å pumpe avløpsvatnet forbi det tiltetta området. Flytande parafin rann i veggrøfter og ut i ein bekk. Det vart rekvirert lenser for å hindre parafinen å nå heilt fram til Seljordsvatnet. Bekk og stikkrenner måtte i ettertid renskast for størkna parafin i oppti120 cm tykkelse.
Røykutviklinga var intens.
Pressluftapparat som verneutstyr mot tykk røyk var nødvendig. Det var ikkje alltid lett å halde ivrig slokkemannskap utan verneutstyr langt nok unna røyken. Vassforbruket var stort. Vatn vart henta fra brannkummar, pumpa fra elva og fra ein bekk like ved. Parafin som etter kvart størkna i bekken gjorde at dette pumpepunktet måtte flyttes høgare opp. Vassverkets driftsoperatør vart tilkalla for å halde auga med nivået i høgdebassenget. Bassenget var ned i om lag 50 prosent fylling.
Brannfolka hadde kontroll med brannen rundt kl. 08.00 i den forstand at det ikkje lenger såg ut til å vera fare for nabobygningane. For å få til effektiv etterslokking tok vi i bruk gravemaskin i tomta. Politiet nekta oss, på grunn av etterforskninga, å grava i store delar av tomta og etterslokking vart difor ikkje endeleg avslutta før etter 4-5 døgn.
Publisert: 05-09-2001


COMMENTS