Sogn og Fjordane Brannbefalslag vart stifta i juni 1990. Jubileet vart markert med festmiddag på laurdag. Det sittande styret fekk ny tillit og er slik samansett:
Leiar: | Leif Amundsen | Florø Brannvesen |
Nestleiar: | Håkon Dyrstad | Bremanger Brannvesen |
Sekretær: | Arvid Haukareid | Sogndal Brannvesen |
Kasserar: | Leif Otto Olsen | Førde Brannvesen |
Styremedlem | Arvid Gilje | Aurland Brannvesen |
Varamedlem: | Per Grov | Fjordbase Industrivern Florø |
Varamedlem: | Runar Kleppe | Gloppen Brannvesen |
Sogn og Fjordane Brannbefalslag hadde ved årsskifte eit medlemstal 136, og er dermed eit av dei største befalslaga. Laget har lagt vekt på at årsmøta har både ein fagleg og ein sosial del og under festmiddagen var det samla ca 90 personar med utstillarar og ledsagarar.
Laget har oppretta eit stipend på kr. 5.000,- til person som har gjort ein god innsats for brannvernarbeid. Stipendet har ikkje vore utdelt tidlegare, men i år vart stipendet delt mellom Leif Amundsen og Arvid Gilje. Desse to var drivkrafta då laget vart starta for 10 år sidan og er fortsatt aktiv med i drifta av laget.
Ingar Gjesmoe orienterte om ulukka i Bragenestunnellen. Ulukka fekk eit svært tragisk utfall der 2 brannmenn og ein anleggsarbeidar omkom. Sveising i tunnellen var årsaka til at PE-skum tok fyr og førte til antenning av kontainer med dynamitt og tendarart som var plassert ca 25 m frå tunnellåpninga.
Gjesmoe hadde det overordna ansvaret dei fyrste dagane. Etter ei slik ulukke er det mange spørsmål som melder seg. Når omfanget er klarlagt er det mange som har behov for informasjon. I fyrste rekke kjem sjølvsagt dei pårørande, men også bebuarar i nærområdet, hjelpemannskap, eige brannvesen og presse. Erfaringa var at like viktig som proffesjonell hjelp, er at nokon kan lytte/samtale med dei enkelte gruppene. Som leder viste det seg at 3 døgn er det ein kan klare. Etter dette må ein prøve å få avløysing for å samle krefter igjen.
Guttorm Liebe, formann i Norges Brannbefals Landsforbund, informerte om forbundet sitt arbeid. NBLF har hatt forslaget til ny brannlov til uttale. Hovudpunkta i avtalen er:
- Lova bør få ein enkel tittel.
- NBLF er skuffa/overraska at det heller ikkje denne gang er teke til orde for samordning av brannvesenet og sivilforsvaret.
- Serkt uenig i at ”brannsjef” vert fjerna som særlovstilling.
- Primært bør brannvesenet vere ei kommunal oppgåve.
- Det er positivt at det vert føreslege nye oppgåver som at brannvesenet skal gjennomføre ulykkesførebyggande oppgåver i forhold til tilstandsfarlege stoff samt transport av farleg gods på veg og jernbane. Men har brannvesenet mannskap og budsjett til å takle dette?.
- NBLF advarer mot å innføre gebyr på tilsyn.
- Brannmannskap, og særleg innsatsleiar, står ofte overfor at vernerglar (arbeidsmiljølov m.m.) må brytast. Ei basislov burde avklare dette forholdet.
- NBLF ser positivt på at det kjem strengare regulering av brannsikkerhet i tunnellar.
Skogbrannar:
Guttorm Liebe har vore på reise og studert organiseringa rundt store skogbrannar som og kan overførast til andre store organisasjonar. Organiseringa er viktig og det bør opprettast linjeorganisasjon med mest mogleg rette linjer i systemet. Konklusjonen på foredraget etter erfaringar frå skogbrann er:
- Målet er å sløkkje til lavaste kostnad.
- Ta med ein gong utgangspunkt i at det vert ein stor organisasjon.
- Bygg opp ein linjeorganisasjon frå starten av.
- Bygg opp ”staber” frå starten av.
- Be om hjelp tidleg.
Håkon Dyrstad, nestleiar i SFBL, tok opp tema om kommunikasjon mellom brannvesen og politikarar. Ordførane i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen var inviterte til den faglege delen på fredag. Det møtte 4 politikarar. Dyrstad la fram påstand om at vi har fått eit betre brannvern i Sogn og Fjordane etter at SFBL vart starta. Laget arbeider mot eit betre brannvern, men det trengs meir midlar. Filosofien om at ”det brenn ikkje hos oss”, kan vere til av årsaka til at det ikkje vert løyvd meir pengar til brannvernarbeidet. Grunnen til lite respons frå politisk hald kan og vere uvitenhet. Det må no tenkjast nytt for å få frigjort midlar, evt. samanslåing med sivilforsvaret.
Poliktikarane Eivind Hjellum, Elsa Husabø og Åse Kjelsnes hadde kvart sitt innlegg. Alle var svært positive til å verte invitert til eit slikt møte og understreka at dei hadde lært mykje. Nokre av punkta som kom fram var:
- Med det underskotet som er i kommunesektoren i dag er det urealistisk å kunne løyve nok midlar for å stette alle forskrifter med noverande organisering.
- Interkommunalt, eventuelle andre former for samarbeid, må vurderast.
- Forskriftene må verte meir funksjonsretta.
- Staten bør vurdere dei krav som er sett til kommunane
- Kanskje må kommunane markedsføre seg betre.
Arvid Gilje er styremedlem i SFBL og vart i 1999 på nytt vald inn som styremedlem i NBLF. Hovudoppgåva til Arvid Gilje er utdanning og opplæring. I tillegg har han til no fronta deltidsbrannmannsutdanninga og han er NBLF sin representant i eit tunnellprosjekt. Gilje har også hatt i oppgåve å fylgje med utviklinga rundt utdanning av deltidsbrannmenn.
Arvid Gilje hadde innlegg om siste nytt om deltidsbrannmannsutdanninga og effektivisering av redningsressursane. Pr. i dag er det ingen krav, fordi forskrifta ikkje er iverksatt på dette punktet.
Brukarmøte som vart halde på Norges Brannskule viste at skulen fekk bevilga 1,3 mill kr til utvikling av reforma i 1999, utan at desse vart brukt. Desse midlane er overførde og i tillegg er det bevilga 1,7 mill kr i år 2000.
Det er tilsett prosjektleiar og prosjektmedarbeider og dei skal ha ferdig læremidlar til mai 2001. Bjarne Vikshåland frå Karmøy er vald inn i ei prosjektgruppe som representant frå NBLF. Det skal arrangerast 3 instruktørkurs i okt./nov. 2000.
Samanlikning Sivilforsvaret og brannvesena/DBE.
Brannverna og DBE har 4,9 ganger så stort budsjett som siviforsvar/DSB i 1997. Når det gjeld antal utrykningar i 1998 så har brannverna 397 ganger fleire utrykningar til brannar og ulykker. I 1995 kom slagordet frå DSB ”Frå reserve til førsteval”. NBLF meiner at det er meiningslaust at reservestyrken har betre utdanning (min. tre veker grunnutdanning) enn deltidsbrannmannen. Statskonsult sin rapport seier at ein samla organisering og ressursutnytting vil kunne gje betydeleg økonomisk gevinst. Industrivern er også med i denne vurderinga.
Publisert: 05-07-2000
COMMENTS