Hospitering ved Oslo brannvesen

HomeDiverse

Hospitering ved Oslo brannvesen

Allereie etter nokon minuttar var vi ute på første utrykning. Dette var noko anna enn kva eg er vant med. Den veka eg var hospitant ved hovedstasjonen var eg på fleire utrykkingar enn eg er på eit heilt år til vanleg, så her var det mykje erfaring å hente.

Dei første dagane var stille og roleg etter Oslo sin målestokk. Det var likevel svært ulikt min kvardag, i Kvinnherad kommune har vi berre innkallingsmannskaper med ca. 60-70 utrykkingar i året.
«Livet» på stasjonen var uvant, men eg vart tatt veldig godt imot og fekk være med på mykje. Sjølv om det var lite brannar dei første dagane, fekk ein med seg mykje lærdom fra korleis drifta og organisasjonen er på utrykkingsavdelinga. Gjennom øvingar og besøk til andre brannstasjonar fekk ein mange gode tips og utveksling av erfaringar om både utstyr, opplæring og drift. Ein kan sjølvsagt ikkje samanlikne ein landkommune med ein by som Oslo når det gjeld objektmasse, ressursar, m.v., men ulykker og brannar kan være forholdsvis like, slik sett gav oppholdet svært mykje erfaring.

Ein ting som opptek meg er sikkerhet for brannmannskapene, den er lik for oss uansett storleik og driftsmåte på brannvesen. Krava til sikkerhet i dag er på mange område strenge, dette er eit område mange deltidsbrannvesen sliter mykje med. I Oslo brannvesen var HMS-arbeidet sett i system med mange gode rutinar. Mindre brannvesen sliter mykje med dette arbeidet og manglar mykje ressursar, både til utstyr, utdanning og øving.

Alle aksjonar, fra innvendig meldar til større brannar, var greit å få med seg. Det å få være med ut på alle typar aksjonar var eit bra tilbod, som viste ulike oppgaver som blir utført. Det ein har lært i teorien fekk ein sjå i praksis, både det som gjekk bra og det som gjekk mindre bra. Det var veldig positivt å sjå kor godt mannskapa vart tatt vare på under og etter «tøffare» aksjonar, t.d. med utskifting av mannskap ved lange aksjonar, gjennomgang i ettertid, mm. Under hospiteringsopphaldet fekk eg erfaring både med dødsbrannar og ulykke, dette er heldigvis svært sjelden det skjer i mindre kommunar, men var svært lærerikt å sjå korleis det vart takla og ikkje minst for sjølv å være klar over kva ein kan forvente seg å møte i ulike situasjonar.

Eg «tok sjansen» på eit hospitantopphald i Oslo brannvesen etter å ha komme i kontakt med brigadeleder Thron S. Nilsen på brannsjefskurs. Eg viste ikkje kva eg gjekk til, men i ettertid har eg berre positive tankar om det. Vil også oppfordre andre i liknande situasjonar til eit hospitantopphald.
Til slutt vil eg takke Oslo brannvesen, utrykningsavdelinga, for eit svært lærerikt, inspirerande og interessant opphold.

 

Publisert: 08-03-1998

COMMENTS