Branntryggleiken for heimebuande pensjonistar

HomeForebyggende

Branntryggleiken for heimebuande pensjonistar

Vi viser til engasjert innlegg om branntryggleiken hjå eldre i «Brannmannen nr. 6/01.». Mange av dei tilhøva som vert tekne opp ligg innafor vårt ansvarsområde og vert handsame kvar dag. Andre tilhøve høyrer til andre fagetatar, som vi samarbeider med heile tida. Jamvel om vi ikkje har fått svart før, har vi arbeid med brannsikkerheita hjås eldre lenge, noko eg vil kjem attende til.

Forst vil det vere riktig å sjå på forskrifta, TEK (Teknisk forskrift til plan- og bygningslova). I Tabellen paragraf 7-22 Risikoklasser står å lese at dersom ikkje folk kan bringe seg sjølv i sikkerheit, skal byggverket plasserast i risikoklasse, TK=6. Følgjeleg skulle det ikkje vere naudsynt å endre TEK.
Da TEK kom i 1997 og kriteria for risikoklassane vert sett opp, var det for at brannsikkerheita ikkje skulle baserast på kva for definisjon eller namn ein gav eit objekt, men kva for type personar som skulle opphalde seg i bygget.

Det som no vart endra, og som har vore diskutert mykje, er kva vi har skrive i rettleiinga. Der går det fram at omsorgsbustader kan handsamast i RK4, med mindre det skal bu sterkt pleietrengande personar i bygget. Da skal det plasserast i RK6. Bakgrunnen for dette har vore at personar med bruk for kjøken, stove og bad også kan bringe seg sjølv i sikkerheit ved brann. Ein stor del av dei som bur i omsorgsbustader i dag makter ikkje dette, og difor vil den nye rettleiinga ubetinga plassere omsorgsbustader i RK6.
Vi har, saman med andre fagetatar, prøvd å gje informasjon om denne type byggverk. Eg er freista til å nemne noko av det som er gjort.

a. Melding HR 2004 fra juni 1998, seinare revidert september 2000.
Dette er ei melding utarbeidd av Statens helsetilsyn, DBE og BE og vart sendt teknisk etat og helseetaten i alle kommunar. Meldinga gjer klare råd om kva som bør leggjast til grunn for bygging og drifting av omsorgsbustader.
b. Eit prosjekt om klarlegging av sikkerheitsnivået for omsorgsbustader i Hattfjelldal vart utført i 1999. Dei einskilde utgavene av rapporten har sidan vore tilgjengelege på internett. Versjon 2 vart laga i juli 2000:

(http://www.si ntef. no/u n its/civi I/nbl/reports dir/rapport13.pdf)
 
Ut fra den første rapporten vart det arbeida tram kva for tiltak som er naudsynt utover dei som gjeld for vanlege bustader. Desse vart sendt til Husbanken i juni 2000.
c. Husbanken har også dei siste åra hatt ei klar rettleiing om kva for risikoklassar som er naudsynt.
d. I bladet vårt, BE-nytt, har det gjennom dei siste 3-4 åra vore fleire artiklar om omsorsbustader og rettleiinga om rett sikkerhetsnivå.
e. Artiklar i tidsskrifter.
f. I tillegg til alle telefonane, der vi dagleg mellom anna informerer om omsorgsbustader, har vi ei interaktiv adresse på heimesida vår, der vi gjev svar på stilte spørsmål om forskriftene og rettleiingane våre.
Eg skjønar at vi enno ikkje rekk fram med bodskapen vår. I desse dagar vert det halde ein informasjonsdag i Harstad, Stavanger og Oslo. Eg vonar at dette vil bidra.
Arbeidet med tryggleiken for eldre vil halde fram. Rammetilhøva vert stadig endra og utfordringa med å få ut bodskapen er stor. Fokus er sett på saka og den har prioritet i alle fagetatar.,

 

Publisert: 04-01-2002

COMMENTS