Brann – med døden til følgje

HomeForebyggende

Brann – med døden til følgje

Vi er gode i så mange ting. Det er typisk norsk å vere god har det vorte sagt, både innan industri, sjøfart, kultur og sport m.m. Ja, vi kan faktisk vise til så mang ei bragd. Vi er faktisk også verdsmeister i å lage brannar. Ja eg skriv det slik fordi tre av fire brannar har menneskelege grunnar.

Kongeriket Norge går så det susar, seier eit velkjent uttrykk.

Dette har og ført med seg at folk vert skada eller dør. Siste året, 2007, vart det diverre ein stygg auke i talet på omkomne av brann. 
Når talet på branndøde aukar slik vert det naudsynt å spørje –kvifor skjer dette? Kvifor dør fleire i år enn i fjor? Kven er det som dør? Kor bur dei? Osb.
Dette har vore forska mykje på, og ein kan med stor tryggleik sei følgjande: I hovudsak er den omkomne ein einsleg mann i pensjonsåra. Gjerne likar han alkohol og røykjer. 
Verst vert det dersom denne mannen har så god helse at han ikkje mottek noko form for hjelp utanfrå. Som vi forstår, kan det verta så som så med ”internkontrollen”

For all del; Det omkjem og kvinner og born. Kvart einast menneske er eit for mykje.
Eit tankekors er det også at ca 30 prosent av bustadane enno ikkje har røykvarslar, og at av dei 70 prosent som har, er det påvist relativt mange utan funksjon. Ein av fire er utan batteri.
Av dei ca 3000 registrerte bygningsbrannane årleg så er godt over halvparten bustader. Det vert altså over 1500 bustader som vert nedbrent eller får stor skade kvart år.  Det er over fire pr. dag. Kva kostar ikkje dette samfunnet. Rundt 3 milliardar kroner.

Styresmaktene må ta fleire grep!
Kor vil eg med desse opplysningane?
Jau, når ein dagleg arbeider med førebyggande brannvern, så dukkar det opp ein og annan ide`.
Av forsking veit vi mykje om korleis brannane tek seg ut. Det er for det fyrste flest brannar som startar i kjøken. Vidare i opphaldsrom. Årsakene til brannar er så ymse, men det som syner tydeleg er at ca. 40 prosent har med elektriske forhold å gjere. I tillegg har ein ei rekke brannar der årsaka ikkje vert avdekka. Altså ukjende. Dersom ein tek ei viss grad av sannsynlegheitsfordeling av desse, så vil kanskje så mykje som 7-10 prosent av desse også ha elektrisk årsak. 
Vi kan såleis med stor tryggleik kunne sei at oppimot 50 prosent av alle bustadbrannane har direkte elektrisk årsak eller skjer ved feil bruk av elektriske apparat.

Så kan ein spørje: Kva kan staten ved Direktoratet gjere med dette?
Ein vis mann har sagt følgjande: Vil Noreg gjere noko med brannskadane  – gjer noko med bustadbrannane!
Dette er eg så samd i. Styresmaktene må, etter mi oppfatning, ta fleire grep for å nå konkrete forbetringar på brannskadar.
Forskriftene må oppdaterast til å pålegge folk å ha fleire røykvarslarar i bustadane. Ikkje som no ”minst ein i kvart hus”. Vær heilt konkret.
Ingen omsorgsbustad skal byggast utan sprinkleranlegg og adressert automatisk alarm.
Ingen nye bustadar skal oppførast utan nettilknytt seriekopla brannvarsling
Ein bør vurdere å tillegge feievesenet oppgåve med tilsyn av varsling og sløkkemiddel samt rømingsvegar.
Det bør kome nye reglar for el – tilsynet som medfører langt hyppigare kontroll av anlegg enn vi har i dag.
Det bør vere informasjon om brannfare og førebyggande tiltak i TV og radio oftare og ikkje berre ved enkeltaksjonar.

Kva kan kommunane gjere?
Brannar i særskilde brannobjekt vert sjeldnare og sjeldnare i vårt distrikt i alle fall. 
Dersom dette er trenden over heile landet, kan ein trygt sei at det førebyggjande arbeidet i slike bygningar har nytta.
Tida er etter mi meining inne til å endra fokus og legge vekt på andre forhold enn branntilsyn i særskilde brannobjekt. Her må ein tenkje nytt og eg trur at informasjon er viktig. Informasjon får vi av alle sortar heile dagen gjennom og det er ei utfordring å nå fram med bodskapen. Eg trur at brannvesenet bør satse på skulen og få sleppe til i alle klassesteg. Tilpassa opplæring må kunne lagast til av ”våre beste” på slikt arbeid og sendast til alle kommunar. Dagens opplegg for nokre klassesteg er bra, men treng oppdatering.
Brannvesenet må også drive aktivitet retta mot både næringsliv, institusjonar, landbruk, lag/organisasjonar og ikkje minst mot dei eldre.

Kva kan forsikringsbransjen gjere?
Å trekke vekslar på denne bransjen vil, etter mitt synspunkt, gje ein vinn-vinn situasjon.
Eit tankespel seier følgjande: Ein total husbrann kostar ca. 2.500.000 kroner.
Vi deler landet opp i regionar på fylker. Altså 19. Totalt tal husbrannar er ca. 1600. 

Deler vi dette på fylker så får vi 84 brannar i kvart fylke ( dette vil nok variere i høve til folketal i fylket, men viser ein farbar veg). Dersom ein i eit fylke hadde kunne hindre ein brann ville dette spart selskapet for 2,5 millionar kroner. Ein kunne tilsett fleire branningeniørar på heiltid for 2,5 millionar kroner. Deira arbeid, som måtte vere direkte feltarbeid i bustadhus og brannførebyggande rådgjeving, kunne truleg spart selskapet for meir enn ein brann i kvart fylke. Dette ville då gjeve selskapet rein netto. 
Eg vil difor sterkt oppfordre forsikringsbransjen å vurdere slike tiltak. Og merk: Dette vil svært truleg bli ei viss forteneste av så tiltaket må vere gratis for kundane, sjølvsagt.

Eg er overbevist om at vi i Norge kan greie å redusere brannskadane mykje, men eg trur at det breie lag må samarbeide i større grad enn før.
Fekk lyst til slutt å ta med den stubben frå Bergenskanten, der det i eit litt avsides bygdelag i fleire år hadde vore nedgang i folketalet og ein hadde samla seg i grendahuset og skulle drøfte mogelege effektive tiltak. Då var det at han gamle Georg reiste seg og sa det slik på godt bergensk: Ligg dokker saman og gjør nokke. 
Det får vere oppfordringa frå meg også….

COMMENTS