Brann i Austefjord skule

HomeBrann

Brann i Austefjord skule

Melding om brann i Austefjord skule kom inn til 110-sentralen søndag 20. november kl 08:25 frå ein av naboane som hadde oppdaga opne flammer frå taket på skulen. Austefjord skule ligg ved Fyrde, om lag 22 km frå Volda sentrum.

Volda brannvern er organisert med hovedstasjon i sentrum, og i tillegg fire bygdedepot med enkelt brannmateriell. Hovedstasjonen har fire vaktlag à fem mann inklusiv overbefal. Kvar av bygdedepota har åtte mann. Ved ”full alarm” vert alle ved hovedstasjonen varsla, samt eventuelt aktuelle bygdedepot.

Ved denne brannen vart hovedstasjonen samt Fyrde branndepot varsla. Mannskapa ved Fyrde branndepot vert varsla med tyfon og UMS varsling. Dette var første gang vi fikk testa ut UMS varslinga i praksis, som viste seg å vere ein effektiv og rask varslingsmåte.
Vakthavande befal var framme på staden kl 08:46. Mannskap frå Fyrde var då i arbeid. Første bilen fra hovedstasjonen var framme med seks mann. Fire av dei var røydykkarar. Røykdykkerane gjekk straks inn i bygget for om mulig å angripe brannen derifra. Det vart etter kort tid vurdert at faren for kolaps av takkonstruksjonen var så stor at ein valgte å trekke røykdykkarane ut for å prøve å begrense og sløkke brannen fra utsida.

Brannen synte seg etter kvart å vere svært vanskeleg å få bukt med. Takkonstruksjonen var oppbygd limtredragarar med gips som himling. Overtaket var trotak med fleire lag tjærepapp som tekking. Taket var oppbygd med gesims med fall inn mot midten. Gesimshøgda var om lag 70 cm ved raft. Arealet var ca 520 m2 uten seksjonering. Det låg 25cm med snø på taket. Brannen utvikla seg i mellom himling og yttertak. 
Sjølv om brannen starta i eine enden av bygget var heile takkonstruksjonen fylt av tett røyk som ville tenne ved høg nok temperatur og tilgang på oksygen. Det vart tatt hol i gesims for å lufte ut røyk og branngassar samtidig som vi prøvde å sløkke brannen gjennom desse hola. Det viste seg å vere vanskeleg å nå brannen på grunn av takkonstruksjonen og luftekanalar som låg langs gesims. Vi greidde ikkje å kjøle eller lufte nok slik at branngassane ved fleire høve tende med den fare det var for mannskapa. Brannen spreidde seg etter kvart til heile bygget.

Vannforsyning frå sjø og symjebasseng
Fyrde er ei lita bygd med privat vassverk. Kapasiteten er sjølvsagt begrensa og magasinet vart etter kvart tomt. Vi var klar over dette heilt i frå starten, og det vart difor etablert forsyning av brannvatn frå sjøen. Det vart lagt ut doble slangeutlegg  på 180 meter og 40 meter i høgdeskilnad. Vår gamle 1966-modell Dodge leverte i seks samfulle timar.
Sivilforsvaret (FIG) vart varsla og stilte med mannskap og meir moderne og sikkert pumpemateriell.
I underetasjen på skulen er eit symjebasseng med 30.000 liter vatn. Dette vart og nytta ved å pumpe det over i brannvesenet sin tankbilen.

Når brannen spreidde seg til heile taket vart innsatsen å begrense skadeomfanget i resten av      bygget både når det gjeld vatn, røyk og brannskadar. Vi starta tidleg med å berge verdiar frå underetasjen medan slokkingsarbeidet pågikk. Innsatsen frå brannmannskapa, RVR og folk fra bygda gjorde at vesentlege verdiar vart berga. 
I eit tilbygg til skulen ligg eit museumsbygg som rommer Aarsetøysamlingane. Dette er livsverket til to brødre frå bygda. Det gjeld utstoppa fuglar og dyr, modellar i målestokk av hus, båtar, reiskap osv. Verdiane her er uerstattelege. Denne delen av bygget vart ikkje ramma.

Det vart ein lang og slitsam dag for brannmannskapa, men vi hadde tilgang til oppvarma ”kvilerom” i et anna skulebygg. Det vart diska opp med mat og drikke frå bygdefolket. Dette kom godt med og vi takkar for denne omtanken.
I ettertid har det kome fram at opplysningar som gjev oss grunn til å tru at brannen har fått utvikle seg i fleire timar før den vart oppdaga. Folk i nabohuset meiner å ha høyrd ”knitring” allereie kvelden før. Ein hund i eit anna nabohus nekta å gå til ro same kvelden. 
Om dette stemmer forstår ein kvifor heile holrommet i takkonstruksjonen var full av røyk når vi kom fram.
Politiet har saman med el-tilsynet etterforska brannårsaka og  konkluderer med at brannen starta i taket i sløydsalen på skulen, mest truleg i varmefolien i taket.

Innsatsstyrken var 17 mann frå hovedstasjonen, 7 frå Fyrde depot, 7 frå FIG og 7 frå RVR.
Skulen skal byggjast oppat sjølv om heile øverste etasjen må rivast.

COMMENTS