– 411 dugnadstimar er bruka for å setje i stand den nye brannbilen, noko som sparar kommunen for om lag 350.000 kroner, og gjev innbyggjarane i kommunen ein ressurs innanfor brannvern, meiner Linn. Han fortel også at alle brannbilane i Vest-Telemark er utstyrt med hjartestartar, og alt mannskap er kursa og sertifisert til å bruke apparatet.
Den fyrste gule er på plass
Etter meir enn fire hundre dugnadstimar er den fyrste gule brannbilen på plass i Vest-Telemark. Ein rekkje undersøkingar i USA viser at gule utrykkingskøyretøy er dei som visast best i trafikken, og tett etterfylgd av at ambulansane skiftar farge frå raud og kvit til gul, blir også nå dei mykje kjente raude brannbilane gule.
– Det er ikkje lovpålagt at dei skal skifte farge enno, men ettersom bilane blir bytta ut vil me sjå fleire og fleire bli gule. Om ti til femten år tippar eg alt av utrykkingskøyretøy er gult, seier brannsjef i Vest-Telemark, Alexander Linn.
– Den nye tankbilen vart henta i Haugesund 12. oktober ifjor, den har tidlegare gått som mjølkebil hos Tine meieri Vest. Det er ein Scania 113, 1992 modell, med 15.000 liter stor tank, fortel leiar i brannvesenet i Kviteseid, John Draugedalen.
Han fortel at den gamle Mercedesen med ein tank på 7.500 liter ikkje ville meir, og vart pensjonert.
Det er 16 karar med i brannvesenet i Kviteseid, og sidan midten av oktober har dei jobba 411 timar fordelt på 27 dagar heilt gratis for å få brannbilen klar.
I løpet av tida frå oktober til jul har tanken blitt fjerna, ramma sandblåst og lakka på ny, det gamle røyrsystemet vart erstatta med nytt, pumpa vart montert, hytta vart sandblåst og lakkert, nytt elektrisk anlegg vart montert og dermed var bilen klar for teneste.
– 17. oktober var karane i gang med arbeidet. Ein hard kjerne har gjort den største innsatsen, men alle har bidrege, seier Draugedalen som meiner fellesskapen har vore drivkrafta heile vegen.
– Det betyr mykje at samarbeidet fungerer godt. Det er me tent med når me må ut på jobb også, smiler han.
Kommunen måtte betale 50.000 kroner for bilen og diverse utstyr vil truleg koste Kviteseid kommune ein like stor sum.
– Kommunen må betale om kring 100.000 kroner for bilen. Det vil seie at brannkarane sparar Kviteseid for ei utgift på mellom 320.000 og 350.000 kroner, seier Linn.
Han meiner det bare er å ta av hatten for innsatsen som er gjort, og har stor respekt for arbeidet, dugnadsanda, gløden og innsatsen som karane i brannvesenet har lagt ned for å styrke eit organ som tener alle innbyggjarane i kommunen.
– Tryggleik er utruleg viktig, og at dugnadsanda lever i Kviteseid er det ikkje tvil om. Her bryr dei seg, rosar brannsjefen.
Når det står om sekundar
Våren 2005 var hjartestartaren på plass i brannbilane i Kviteseid og Fyresdal, til jol var også dei andre brannbilane i Vest-Telemark utstyrt. Utstyret er gjeve som gåve frå Norsk Luftambulanse.
– Norsk Luftambulanse kostar både startarane og held gratis kurs for brannmannskapet i dei seks kommunane i Vest-Telemark Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal, Kviteseid og Seljord, i tillegg har også det lokale brannvesenet på Haukeli og på Rauland motteke hjartestartar og fått opplæring. Alle skal kunne bruke startaren. 20. desember hadde alle brannbilane utstyret på plass og personellet var sertifisert, seier Linn.
Linn meiner det er ein ekstra sikring for innbyggjarane i regionen at brannfolket også kan nytte ein hjartestartar.
– Gutane gjer ein samfunnsteneste, det er svært viktig med hjelpemidlar når sekundane tel, og det er eit supplement om ambulansen ikkje er i nærleiken både for innbyggjarane og brannmannskapet sjølv, seier Linn.
I Kviteseid har startaren vore fast inventar i brannbilen meir enn eit halvt år, men brannfolket fortel at dei ikkje har måtta nytte apparatet enno.
– Heldigvis, seier dei.


COMMENTS