Rådmannen hadde von om at staten skulle ta helikopterrekninga på 300.000 kroner, men rekna det slett ikkje som sikkert. No får Fjell 965.000 kroner frå staten som erstatning for naturskade.
– Dette er eg fantastisk godt nøgd med. Sjølv helikoptra var eigentleg vår rekning, Fjell rekvirerte desse maskinene. Fylkesmann Svein Alsaker signaliserte at me burde få dekka dette, men når staten no tek så mykje som halve nettoutgifta, er det veldig bra, seier Steinar Nesse.Gjennom Fylkesmannen melde han inn ein totalkostnad på 2,3 millionar kroner til Kommunaldepartementet. Dei har trekt frå moms, som kommunen uansett får dekka. Slik kjem ein ned i litt under to millionar kroner, som staten no altså dekkjer halvparten av. Dette er rådmannen i Fjell så godt nøgd med at han no meiner at Sund bør sleppa å betala for storbrannen. Dette trass i at Sotra Brannvern er eit interkommunalt selskap som Fjell og Sund står saman om. Mykje av kostnadane er knytt til mannskap og utstyr.
– Dette var ein storbrann som råka Fjell, medan Sund ikkje var direkte berørt. Dette er sjølvsagt noko politikarane avgjer, men mi innstilling er at Fjell bør ta resten av rekninga åleine, seier Nesse.
Han vedgår at spørsmålet om felles brannvern og delte kostnader ville stilt seg annleis om ikkje staten hadde bidrege. No meiner Nesse at denne eingongsutgifta kan verta dekka av årets meirinntekter på skatt i Fjell kommune.

Staten og Fjell deler brannrekninga
Staten dekkjer halve kostnaden etter storbrannen på Sotra i vår. Det er rådmann Steinar Nesse i Fjell strålande nøgd med.
Newer Post
Sterk trafikkaksjon i Askim Older Post
Smertefri overgang til døgnkasernering 
COMMENTS