Brannsikring i alle kommunale trygde- og omsorgsbustadar i Lom

HomeForebyggende

Brannsikring i alle kommunale trygde- og omsorgsbustadar i Lom

8. oktober 2008: Høgtrykk vasståkesystem ved dei kommunale trygde- og omsorgsbustadane blir teke i bruk. Samtlege bustadar er nå sikra med brannvarsling og vasståkeanlegg

Risiko 
I starten (2005) vart det gjort ei fullstendig risikovurdering av  bygningane, og dette vart grunnlaget for det vidare arbeidet. Blant bebuarane i desse bustadane oppstår det ofte endring i funksjonsnivå, både på kort og lang sikt. Det er derfor viktig for dei som har ansvar for branntryggleiken, at dette vert teke på alvor og at det blir jobba aktivt med å sikra bebuarane ved eventuell brann. 
I denne prosessen har brannvesenet, teknisk etat og pleie- og omsorgsavdelinga arbeidd saman, for å finna best moglege løysingar for alle partar, i forhold til brannrisiko.
For å få dette på plass har det vore ein lang og lærerik prosess. Alle partar er i dag godt fornøgde med arbeidet som er gjort, og resultata som er oppnådd.

Sikkerheit for bebuarane
I alle dei 29 leilegheitene vart det i løpet av hausten 2007 og våren 2008 installert  brannvarslingsanlegg med direktevarsling til institusjonen.
Dette er sjølvsagt ein føresetnad, i og med at nokre av bebuarane kan ha behov for assistert rømming.
Dei tilsette vil raskt kunne koma til unnsetning, og vasståkeanlegget vil i tillegg  bidra til å avgrensa brannen. Det vil og gje naudsynt  rømmingstid for å få ut bebuarane ved eventuelle branntilløp.  

Vasståkeanlegget vil dermed vera ein kompensasjon for bygningsmessige svakheiter og manglande rømmingsforhold, samt at bebuarane får ein tryggare kvardag.
Med adresserbart varslingsanlegg, som utløyser på røyk og vasståkeanlegg som utløyser på varme, vil det i dag vera gode sjansar for at ein brann vil bli oppdaga i ei tidleg fase, avgrensa eller sløkt ved utløysing av vasståkeanlegget. 
Med desse tiltaka på plass vil det no vera ein tryggare arbeidsplass for dei tilsette, om ein brann skulle oppstå, samt at det er langt tryggare for bebuarane.

Brannvesenets innsats
Det vil gå ca 10 minutt før brannvesenet er på plass med nødvendig utstyr og mannskap til å sløkke eventuelle branntilløp. 
I dagens situasjon med direktevarsling og vasståkeanlegg i alle leilegheiter er sjansane store for at alle aktuelle bebuarar allereie er evakuert, og brannvesenet vil kunne konsentrere seg om å sløkke brannen. 

Brannvesenet har varmesøkjande kamera, slik at vi raskt kan gjennomsøkja  røykfylte rom.
Risikoen for ein stor brann er dermed betydeleg redusert, i forhold til tidlegare. 
I og med at alle leilegheitene er dekt av vasståkeanlegg vil  brannen sannsynlegvis vera avgrensa, og temperaturen inne såpass redusert, at røykdykkare kan gå inn i bygget umiddelbart utan fare for eiga sikkerheit.
Brannvesenet har laga eigne innsatsplanar for dei aktuelle bustadane og institusjonen, og vil difor kunne orientera seg raskt  i ein brannsituasjon. Brannvesenets personell har også desse objekta på sine øvingsplanar.

Val av anlegg 
Det er her valt eit stasjonært høgtrykk vasståkesystem. Fordelane med dette er effektiv sløkking i startfasa og små bygningsmessige skadar ved utløysing, fordi det er lite forbruk av vatn. 
Sløkking føregår ved at vassdropane blir knust i svært fine partiklar, som effektivt kveler flammene.

Anlegget består av 270 dyser, fordelt på 29 leilegheiter. Kvar dyse i anlegget dekker 12 kvadratmeter. Ved utløysing bruker kvar dyse ; 8 liter/minutt.
Det er brukt 12 mm røyr over alt i anlegget, og det er dermed lite synleg i leilegheitene.
På grunn av avstanden til dei forskjellige bygga er anlegget utstyrt med tre høgtrykkspumper.
Brannvesenet har vore med i prosessen, og gjeve råd og rettleiing. 
Kommunen har sjølv teke avgjerd om type anlegg.

Erfaringar ved montering
All monteringa av vasståkeanlegget vart gjort medan bebuarane var heime.
Ingen har flytta ut av sine leilegheiter. Arbeidsleiarane frå leverandør av anlegget har vore i kontakt med bebuarane og tilsette, og med gjensidig tilrettelegging har dette gått veldig bra. Dette var noko pleie- og omsorgsetaten var veldig bekymra for i planleggingsfasa.

Velvilje frå kommunen
Lom kommune har gjort betydelege investeringar i dette prosjektet. Etter at resultatet av risikokartlegginga vart lagt fram har det vore både administrativ og politisk vilje, og einigheit om at dette skulle gjennomførast innanfor dei tre åra som var sett. 
Utbygginga har gått etappevis, og alle planane har vore godt utarbeidd og dokumentert heile vegen. Dette har sannsynlegvis vore avgjerande for framdrifta  av prosjektet.
Lom og Skjåk brannvesen ser positivt på det gode brannsikkerheitsarbeidet som er utført, samt det sterke fokuset kommunen har på godt fagleg innhald i brannopplæringa/brannøvingane for dei tilsette.
Summen av  auka fokus på det brannførebyggande arbeidet, samt dei branntekniske installasjonane, gjer at brannsikkerheita er godt ivareteke i  trygde- og omsorgsbustadane i Lom.

Nærmare opplysningar om prosessen og anlegget kan fåast ved å ta kontakt.

COMMENTS