Brannen på Fleischer hotell

HomeBrann

Brannen på Fleischer hotell

Voss brannvern fekk melding frå 110-sentralen i Bergen om at det brenn i frityren på kjøkkenet på Fleischer hotell 23. oktober klokka 22.56. Det vart slått full alarm og overbefalet som kom fyrst til staden bekrefta brannen over radio ettersom det rauk ut frå hotellet. Dette for at mannskapet skulle forstå at dette var alvor og ikkje nokon unødig alarm.

23 personar frå Voss brannvern møtte raskt opp ved hotellet ettersom hotellet ligg berre 3-4 minutt køyretid frå brannstasjonen.
Voss brannvern disponerte i startfasen sju røykdykkarar der innsatsen vart sett inn i kjøkkenet ettersom det var der det brant. Hotellet vart samstundes evakuert av hotellet sitt eige personale saman med ambulansepersonell og politi. Fire rom over kjøkkenet måtte kontrollerast av brannvernet ettersom desse var røyklagd.

Etterkvart som sløkkearbeidet vart utført på kjøkkenet tok dette tid ettersom brannen var over himling på kjøkken og hadde spreidd seg inn i luftekanalen og det var vanskeleg å koma til. Restverdiredning vart rekvirert tidleg, omlag klokka 23.20. Ventilasjonen vart slått av, himling vart riven ned, røykvifte vart sett inn for å skapa sikt og det vart spylt opp under tak samtidig som sprinkleranlegget stod på. Sluken på kjøkkenet gjekk tett og vatnet byrja å renna inn i spisesalen og resepsjonen. Røykdykkarane vert skifta ut med nye etterkvart som dei i innstats gjekk tomme for luft. 
Etter om lag to timars arbeid vart røyken ut frå hotellet gråare og tjukkare enn då me starta sløkkearbeidet. Me hadde ikkje kontroll, og her brann det på plassar me ikkje var klar over. Me fekk opplysningar om at etasjeskillet er om lag ein meter tjukt etter fleire nedforingar som har vorte gjort oppover åra. Røykdykkarane våre byrja no å verta slitne og me måtte etterfylla luft på flaskene.

Bistand fra Bergen
Skulle me ha kontinuitet i sløkkearbeidet måtte det hentast inn friske røykdykkarar straks og me måtte ha mange. Bergen brannvesen vart rekvirert der me måtte få dei fyrste tre med helikopter. Deretter kom det ytterlegare 12 røykdykkarar. Totalt frå Bergen kom det 21 personar i tillegg til brannsjefen fordelt på 9 bilar derifrå. Deriblant vanleg brannbil, høgdemateriell og røykdykkarbil.

Det var ein ubeskriveleg følelse for brannsjefen på Voss og sjå 20 brannfolk frå Bergen brannvesen gjekk i samla tropp inn i annen etasje på hotellet og starta sløkkearbeidet med å slå inn tåkespiker i golvet som då var i full fyr utan at me såg flammane. Overflatetemperaturen på golvet var no 200 grader og korridoren var full av branngassar. Tida nærma seg overtenning. Mannskapet på Voss og Bergen utgjorde no til saman 46 personar som alle kjempa ein tapper kamp for å redda hotellet. Alle personane arbeidde no i eit perfekt system. Me såg no at innsatsen var perfekt i høve brannen. Røyken ut frå hotellet minka og me såg at me byrja å innhenta kontroll. Men likevel hadde me ein snorkel plassert på kvar side av hotellet i tilfelle brannen skulle gå i taket. Klokka var no 02.30 og brannen skulle no reverserast. Sakte men sikkert vart eld for eld sløkt ved hjelp av tåkespiker og varmesøkande kamera. Klokka 05.00 var brannen sløkt og ingen eld blussa opp at sjølv om me heldt vakt på hotellet fram til klokka 18.00 påfylgjande dag. Totalt 80 luftflasker vart tømt.  Brannen hadde passert annen etasje, gått opp veggen og stoppa under taket til tredje etasje.

Etter klokka 0500 starta pressa med arbeidet sitt og NRK fjernsynet, TV2, Vestlandsrevyen og radioen skulle ha sitt. Brannsjefane, som skulle uttala seg, vart på førehand einige om skadeomfanget og kva me skulle sei. Kjøkkenet var utbrent, det var brannskadar på 3-4 rom over kjøkken og det var vannskadar i spisesalen.
Brannsjefen i Voss og Bergen vart etter nokre dagar invitert på hotellet for å verta heidra av eigaren Gerd og Erik Fleischer Tønjum saman med hotelldirektøren.

Riktig verkty viktig
I ettertid skal brannvernet på Voss ha ei samling for å diskutera kva som gjekk bra og kva me kunne gjort anleis.
No har Voss brannvern bestilt skjæreslokkar, som kjem på ein ny bil som vert levert i november, men hadde me hatt skjæreslokkaren tilgjengeleg under denne brannen hadde det vore lettare og raskare og sløkt brannen ettersom me då kunne punktert etasjeskille med enkelt og effektivt verkty. Varmesøkande kamera er bestilt.
Desse to verktya brukt saman i tillegg til vifte er avgjerande for oss i ein ny brann av denne dimensjonen. Erfaringsmessig ser eg at røykdykkarane våre held i maks. to timar i full innsats. Då har dei brukt 3-4 flasker kvar. Så dersom me har brannar som varer lengre og me ikkje har eigne røykdykkar å setja inn må det rekvirerst utanfrå tidleg nok.

COMMENTS